
Møre og Romsdal treng skjønnlitteratur
Litterære stemmer flyttar ut - og unge talent slit med å slå rot.
Møre og Romsdal har fostra sterke forfattarar, frå Edvard Hoem til Maria Parr. Men no har det vorte stille. Med få debutantar, lågt kulturbudsjett og manglande møteplassar, kan ein lure på: Kva skal til for å få fleire forfattarar til å bli – og bli høyrt?
Færre debutantar og høgare tersklar

– Dei fleste forfattarane, unge og gamle, skjønn- og faglitterære, har andre jobbarar i tillegg. Dette gjeld ikkje berre unge, seier Svein Sæter, leiar i Møre og Romsdal forfattarlag.
Han meiner at det har vorte vanskelegare å debutere skjønnlitterært, særleg på etablerte forlag. Samstundes fell papirboksalet, medan salet av lydbøker veks. At mange forlag slit økonomisk, påverkar spesielt dei unge forfattarane .
Terskelen for å debutere blir stadig høgare, og det pregar utviklinga. Når totalopplaget fell og forlag strevar, kan det bli vanskelegare å satse.
Forfattarlaget i Møre og Romsdal jobbar no med ein antologi som skal gje unge skribentar ein sjanse til å kome på trykk i ei seriøs bokutgjeving.
Å vere forfattar frå ein småby
Maria Parr debuterte då ho var 24 år, og jobbar frå heimkommunen Vanylven.
– Eg har skrive bøkene mine her, i fred og ro blant folk eg kjenner som driv med heilt andre ting. Det har betydd mykje, seier Parr.

Ho har ikkje sakna eit stort forfattarmiljø, men verdset nære kollegaer som sambygding Hilde Myklebust. For henne er det fint å ha moglegheit til dra til Oslo og treffe kollegaer på møte i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU) og i forlagssamanheng.
– Lenge kjendest det som at eg reiste til Oslo og var forfattar, og kom heim og var Maria.
Parr løftar fram tydinga av bibliotek, bokbåt og høgtlesing – og åtvarar mot at barn mistar sjølvstendig tilgang til bøker.
– Barn må kunna gå på beina sine til eit bibliotek, utan hjelp frå andre. Gode skulebibliotek er heilt avgjerande, seier Parr, og understrekar at tilgang til litteratur må vere uavhengig av engasjementet til foreldra.
For henne handlar motivasjonen til å skrive om å formidle noko viktig – og å gje barn rom, ro og fellesskap gjennom litteraturen.
– Eg blir meir og meir sikker på at skjønnlitteratur er utruleg viktig. Det opnar opp, nyanserer og inkluderer. Og det ber alltid med seg noko frå eit anna menneske.
Kulturpolitisk stillstand?
Bjørn Vatne, leier i Den norske Forfatterforening, meiner det kan kjennest vanskeleg å bli i kommunen.
– Møre og Romsdal er blant fylka med lågast løyvingar til kultur, både på fylkes- og kommunenivå. Det gjer noko med viljen til å bli verande, seier Vatne. Møre og Romsdal er jo tradisjonelt et industri- og fiskerifylke, og folk med ambisjonar innanfor kunst og kultur har gjerne søkt seg bort frå fylket sidan det verken finst mange utdanningar eller arbeidsplassar for dei her.

Han meiner det offentlege må visa at kunstnarar er ønska gjennom DKS-oppdrag og stipendordningar, og ein må auke aktivitet rundt biblioteka.
– Forfattarane er dei viktigaste språkarbeidarane i samfunnet vårt. I ei tid der leseevna går ned og språket står i fare for å bli vatna ut av språkmodellar, treng me dei, også utanfor storbyane. At det finst nokon som kan formidle livet frå ulike perspektiv og stadar er viktig, både for lesarane og for lokal identitetsbygging.
Vatne foreslår også å gjere kreativ skriving til eit fast tilbod i kulturskulen og slik skape eit rom for dei som ikkje finn seg til rette i idrett eller musikk.
– Eg trur mange kunne blomstra i ordleiken, om dei fekk sjansen, seier han.
Kva som kan gjerast og vegen vidare
Sæter håpar antologien kan gje unge ein sjanse til å kome på trykk. Parr løftar fram skulebibliotek som eit godt verkemiddel forl leseglede. Vatne håpar på eit regionalt kulturløft og konkrete tiltak som kan få forfattarar til å bli buande – og skriva.
– Me treng stemmer frå kvar krik og krok, seier Parr. – All barndom fortener å bli spegla i barnekulturen.
Møre og Romsdal har ulike stemmer, historier og litterær kraft – men treng strukturar som lèt dei veksa. Skal fylket framleis speglast att i skjønnlitteraturen, må både politikarar og kulturaktørar våga å satsa.