FOR FULL HALS: Det blir sunge om vennskap og kjærleik i koret i dag.

Musikalsk møteplass med meining

Kvar måndag samlast Volda demenskor seg for å synge. Det er viktig å skape openheit kring demens, seier dirigent Ingrid Vik Henriksen.

Publisert
Dirigent Ingrid Vik Henriksen og musikkterapeut Sunniva Ulstein Kayser er nøgde med oppmøtet.

VOLDA: Eit klasserom på Volda Ungdomsskule blir fylt opp av demente, pårørande og frivillige. Dei set seg på kvar sin stol med tilhøyrande namnelapp, og småpratar litt med kvarandre før oppvarminga byrjar.

– Idéen kom vel frå TV-serien Demenskoret på NRK. Så var det ein lokalpolitikar her som stilte spørsmålet om ikkje Volda burde ha sitt eige demenskor.

Det fortel musikkterapeut Sunniva Ulstein Kayser. Ho akkompagnerer koret på piano, og leier øvinga saman med dirigenten Ingrid Vik Henriksen.

Her kjem demente saman med sine pårørande. I tillegg er her også personar med andre diagnoser og frivillige. Dei er alle med å synge, og på repertoaret denne kvelden finn vi Halvdan Sivertsen, Abba og andre eldre songar. Midt i øvinga blir dei også bedt om å reise seg, for å strekke litt på kroppen under songen «Min hatt den har tre kantar».

Deltakarane får røyve på seg undervegs i øvinga.
Ingrid Vik Henriksen har vore dirigent for demenskoret sidan start.

Vil skape meir openheit om demens

Dirigenten trur møteplassar som denne er viktig for dei med demens.

– Det handlar om å bryte ned stigma. Det er mykje tabu rundt det å ha ein demensdiagnose.

Demenssjukdom fører til endring i kognitive funksjonar som minne, språk og orienteringsevne, og svekkjer evna til å fungera i dagleglivet.

Det er anslått at 116 000 nordmenn lever med demens i dag, ifølge forsking frå Aldring og Helse. Men talet vil auke, sidan vi lever lenger. I 2050 forventast talet å stige til 238 000.

Aktivitet i hjernen kan spela ei rolle

Sjølv om demens kan ha fleire ulike årsaker, handlar mykje om kva som skjer i hjernen. Nevrobiolog, Øyvind Arne Høydal, peikar på at aktivitetar som dette kan ha positiv effekt. 

Øyvind Arne Høydal forskar på kva som skjer i hjerna hos dei med depresjon og demens.

– Musikk og det å vere sosial aktiverer veldig mye av hjernen. Det er godt mogleg at det er noke som hjelper til å halde hjernen aktiv, og motverkar dei tingene som fører til demens.

Han understrekar vidare at det er mogleg at årsakene til demens til slutt verkar gjennom ein felles mekanisme – nemleg at aktiviteten i nervecellene i hjernen endrar seg eller blir redusert. 

Til dømes kan tap av høyrsle auke risikoen for demens, truleg fordi hjerna får mindre stimulering. Det same gjeld etter slag, der nerveceller kan døy og aktiviteten i hjernen blir redusert. 

– Når nervecellene blir mindre aktive og mistar kontakt med kvarandre, kan det oppstå ein negativ spiral der fleire celler etter kvart døyr, fortel Høydal.

Merkar endring etter øving

Henriksen er klar på at koret har ein god effekt på deltakarane.

Dagens kveldsmat er karbonadesmørbrød.

– Dei kan ha det litt tungt når dei kjem hit, eller sjå litt forvirra ut. Men så er dei både kvikkare og klarare når dei går herifrå. Så det er kanskje ein indikasjon på at det har ein effekt på dei.

I slutten av øvinga får deltakarene servert kveldsmat. Dei samlast inne på kjøkkenet på ungdomsskulen, og praten går laust og fast rundt borda.

Inger Vikene, ei av deltakarane under dagens øving, kan fortelje at ho sett pris på å ha ein slik plass å møte andre.

– Vi byrjar jo å bli gamle, og det er ikkje alt vi hugsar like lett lenger. Men det er veldig kjekt å møtast og syngje saman i koret, seier ho.

Powered by Labrador CMS