Mylna har produsert mjøl i 84 år




Utan stans

Korleis har dei klart det?

Førstemann til Mylna

Publisert Sist oppdatert

Vi byrjar på slutten. I første etasje.

– Det er her mjølet endar opp. Ned i desse sekkane. Det er også her begge dei elektriske motorane som driv kvernene er, seier Elias Moe, som er dagleg leiar på Mylna.

Mjølet endar opp i store sekkar som er produsert lokalt
Dei elektriske motorane som driv kvernene.

Kvar sekk er på rundt 20-25 kilo.

I den 84 år gamle mylna, lagar dei mjøl etter behov.

– Det ligg ikkje så mykje på lager. Målet er heller å ha ferskt mjøl heile tida, men vi har naturlegvis eit lager til butikkane og privatkundane, seier Moe.

Ein finn lageret til Mylna i ein stor hall bak butikken.

Der er det sekkar og kartongar med årets korn som dei nettopp har fått inn frå Austlandet.

På veg opp til andre etasje, under trappa, ser ein store mylnesteinar.


– Desse fekk vi frå ei øydelagt mylne, rett før OL i 1994.

Flåklypa må til

Det første ein ser i andre etasje, er store maskiner i tre og metall.

– Dette er ei gamal avskalingsmaskin som rulla skalet av mange forskjellige typar korn, seier Moe.

Avskalingsmaskin frå 1934.

– Dette ser jo ut som noko ein kunne finne i skuret til Reodor Felgen?

– Det ser nesten litt Flåklypa ut ja, med all gaffateipen og slikt, men det må til for å styre ei mylne, seier han.

Alt utstyret Mylna bruker, har vore der sidan 1930-talet.

– Huset her stod ferdig i 1937. Ustyret var kjøpt inn litt før det. På avskalingsmaskina vår står det 1934. Det meste er også produsert lokalt, seier Elias Moe.

Det er lite bevart om korleis mylnesteinane blei produserte.

Så når steinane er nedslitne, må dei kaste dei gamle og kjøpe nye.

– Problemet er at det er 60 år sidan fabrikken som laga desse steinane la ned.

Då måtte Mylna tenke nytt.

– Vi har byrja på eit prosjekt, der vi prøver å støype eit nytt slipelag på dei steinane vi har. Og kva dette slipelaget innheld har vore ganske vanskeleg å finne ut av.

– Vi veit det inneheld havrekorn og harde steinsortar. Og så ein seig mørtel og magnesiumklorid. Salt og betong er vanskeleg å få til, ein må liksom få den kombinasjonen rett, seier Moe.

Dei store og gamle mylnesteinane kan produsere opp mot 600 kilo mjøl i timen.

I 2006, var det det på tide å sette opp ein ny mylnestein.

– Den var ferdig i 2010, seier Moe.

Kassa er laga av ein lokal snikkar.

– Det er utfordrande å sette opp ei ny kvern når dei som ein kunne spørre om dette ikkje finst meir.

– Ikkje noko bruk og kast akkurat

Mylna er den siste av sitt slag.

Den aller siste bygdemylna som har produsert matmjøl heile tida.

Det har så og seie gått nonstop i 84 år.

Ei moderne mylne har ein enorm kapasitet. Den kan produsere over ti gangar så mykje i timen som Mylna, og vel så det. Men trass i dette, overlever Mylna.

– Korleis har Mylna overlevd så lenge?

– Det er ganske logisk når ein tenker over det. Vi har ingen konkurranse, seier dagleg leiar.

På Austlandet har dei mindre mylnene blitt utkonkurrert av dei større.

– Her har det berre stått slik, fordi det ikkje har vore noko som har stått i vegen for utviklinga vår. Det er vi gamle karane som har halde det ved like og fører det vidare, seier Moe.

– Vi driv heller ikkje noko med bruk og kast. Motoren går i 40 år, så ryk ein del, vi skiftar delen ut, så går den i 40 år til. Men det kan også vere utfordrande, sidan dei som kunne dette ikkje er her lenger, legg han til.

Heilt øvst.



Opp alle trappene,



blir ein møtt av ei lukt som minner om gardsbruk.


– Kanskje du luktar selja? spør Elias Moe.

Seljebrød?

Sjølv om kanskje maskineriet er det same som for 90 år sidan, sett det ikkje ein stoppar for innovasjonen.

Han viser mange brune posar som står ved sidan av vindauget.

– Dette har vi no hausta og tørka, og så er det kjørt gjennom ein halmkuttar frå Italia. Målet er å få det gjennom kverna, men renn dårlegare gjennom enn korn. Så det blir ei utfordring å mate jamnt.

– Kva del av selja er det de har nytta da?

– Det er berre det mest næringsrike, slikt som unge tre, blad og skot, det som er litt urteaktig.

Dette skal etter kvart bli til eit fint pulver.

– Det kan ein nytte i det meste. Eg har fått nokre oppskrifter på bollar og brød med selje i, seier Moe.

Slutten på byrjinga

Turen sluttar der den byrjar.

Svarthavren har meir skal og mindre kjerne enn nyare havresortar

Nede i det som brukte å vere ein kafe i Mylna sine lokaler, der det no er ein Sunkost. Den er det Elias Moe si dotter, Janne Moe som driv.

I eit vindauge frå butikken ser ein rett inn på ei rad av sekkar som blir fylt av mjøl.

Då står ein midt i eit rom der hyllene er fulle av brune posar med mjøl, alt i frå svarthavremjøl til chagakakao.

Sonen, Thomas Moe, blei ny mylnar i 2016.

Arven til Noregs siste bygdemylne er sikra, kanskje Volda har si eiga Mylne i 84 år til?

Framtida til Mylna


Elias Moe saman med son Thomas og dotter Janne Moe, og tilsett ved Sunkost Albertine Steinnes.

Powered by Labrador CMS