
Nærnett er i gang!
Studentane og lærarane er klare for haustens vakraste eventyr - og i år skal dei samarbeide med andre studentar.
VOLDA: 1. september gjekk startskotet for semesteret sin internpraksis ved journalistutdanninga på Høgskulen i Volda. På hausten er det studentane ved 3. året som skal servere deg nyheiter frå heile Søre Sunnmøre.
Nyheitene får du på alle plattformar dei neste seks vekene, Nærnett, Radio Volda og Nærsynet.
Ser eller høyre du noko interessant, oppsiktsvekkjande eller spanande på Søre Sunnmøre? Send oss tips på e-post: nett@hivolda.no.
Spente studentar
- Eg er litt nervøs, fortel Sunniva Bondevik.

Ho er heilt ny i nettredaksjonen, men ser ikkje på det som noko ulempe. Tidlegare år har ho hatt radio og undersøkjande som praksisemner.
- Eg kjem inn som eit friskt pust og trur eg kan bidra mykje med erfaringa eg har frå tidlegare. Spesielt på lengre saker og sosiale medier, fortel Oslojenta.
- Eg meiner det er viktig at vi dekker kvar einaste krik og krok på Søre Sunnmøre. Eg ynskjer å reise mykkje rundt. Etter disse vekene skal det ikkje vere ein einaste medieskugge i Sjustjerna, konstaterar Sunniva Bondevik.
Store kontraster i redaksjonen

– Eg trur dette blir heilt fantastisk. Dette er ein rå gjeng som er klar for å levere god journalistikk.
Det seier praksislærar i TV, Steinar Høydal. Han fortel at Nærsynet i år skal ha fokus på lengre saker. Han kan avsløre at det òg kjem mini-dokumentarar i løpet av hausten.
– Det kjem masse stoff som folk må glede seg til der heime. Dette blir ei utruleg fin praksisperiode, seier læraren.
Vidare ser han på siste veka i praksisen som eit høgdepunkt. Då skal Nærsynet gjere noko dei aldri har gjort før:
– Vi skal òg ha samsending med medieproduksjon den siste veka av praksisen. Det kjem heilt sikkert til å bli gøy for alle partar.
- Planen er å ha det redaksjonelle ansvaret, mens medieproduksjon har ansvaret for det tekniske, fortel Høydal.

Johanne Danielsen Brevik er ein av studentane som har radio i praksis. Ho ynskjer alltid å bli den beste versjonen av seg sjølv.
- Eg gler meg til å bli enda betre på det eg har gjort før. No er det eit og eit halvt år sidan sist eg produserte nyheiter for Radio Volda.
- Eg gler meg til alt, avsluttar Brevik.