KLARE: Journalistikkstudentane er klare for å ta Søre Sunnmøre med storm.

Nærnett er tilbake: – Største oppstandelse sidan Kristus

12. februar opnast slusene for 93 ivrige journalistikkstudenter. I seks veker skal dei dekke det som skjer på Søre Sunnmøre.

Publisert Sist oppdatert

No er dagen endeleg her; Nærnett er tilbake som eksisterande mediehus. I seks veker skal journaliststudentane lage saker for Nærnett, Radio Volda og Nærsynet. Lokalredaksjonen har altså stått opp frå vinterdvalen og ein av studentane, Eirik Bjertnes Solbakken, er klar for det som kjem i vente. 

 – Dette er ein større oppstandelse enn Kristus. Vi 93 vise hen, kom i redaksjonen med halvannan time søvn, høgt koffeininntak og kvalitetssikra nyhetsteft - ein grunnmur for å avdekke og opplyse om sirkus Søre Sunnmøre, uttalar den euforiske journaliststudenten.

Solbakken er forberedt på at oppstandelsen til Nærnett kjem til å vekke reaksjonar og det er ein viktig jobb i vente med tanke på antallet i redaksjonen.

EUFORISK: Journalisttalentet Eirik Bjertnes Solbakken har trua på praksisen i Nærnett.

Noregs største

Med 93 studentar i sving, er ansvarsområde større enn for dei fleste lokalredaksjonar. Heile 7 kommunar skal dekkast, avslørast og havne under lupen for dei engasjerte studentane. I tillegg er førsteklassingane spente på kva praksis eigentleg inneber.

 – Vi er først og fremst klar og engasjert, seier Edvard Haugland. Han meiner praksisen blir bra.  

Travelt sendeskjema

I tillegg til at det blir liv i nettavisa Nærnett, så er sendeskjemaet fullstappa på dei andre plattformane. Det blir morgonsendingar på Radio Volda måndag til torsdag kl. 8:30, ettermiddagssendingar tysdag og torsdag kl. 14. Nærsynet sender nyheitssendingar kvar tysdag og torsdag kl. 13. Du får med deg studentane i praksis gjennom DAB, FM-nettet og via nettstaden vår Nærnett.no.

Powered by Labrador CMS