
Nærnett går i dvale
— Dette er eit heilt spesielt kull, seier praksislærar Hild Nordal.
Etter seks intense veker er tredjeklassingane ved journalistikkutdanninga i Volda ferdige med internpraksis - for alltid. I vår skal dei nemleg ut i eksternpraksis, før dei skal ut i den store verda.
Denne praksisperioda har vore prega av mellom anna valdekning, psykisk helse og rapportering av stort og smått frå Søre Sunnmøre.
Praksislærar for nettspesialiseringa, Hild Nordal, meddeler at ho tykkjer det er vemodig å gje slepp på nok eit journalistikk-kull.
— Dette er eit heilt spesielt kull - dei er nemleg det fyrste kullet som fylgjer det nye bachelorløpet.
Sjå Nærsynets avskjedsmusikkvideo nederst i saka.


— Tid for fest og halloi
Onsdag markerer studentane og lærarane endt praksis med pizza og kviss i redaksjonen. Kjenslene rundt å vere ferdige i Nærnett er blanda.
— Praksis har vore ein klassisk himmel-og-helvete-situasjon. Det har vore slitsomt å ha mange ballar i lufta, men utruleg gøy å ha det privilegiet som heiter samfunnsoppdraget. Det har vore stort å kunne bidra til at dette tårnet som vi kallar lokaldemokrati ikkje rasar saman. Det heile har vore ein fryd, seier vaktsjef Håvard Steffensen.
Nå ser han fram til å legge beina høgt, og lene seg attende. Iallfall fram til eksternpraksis.
— Men før den tid - fest og halloi. Vi har jobba veldig hardt, og nå har vi fortent å kose oss litt. Snakkast i bransjen!
Sjå bileteserie og musikkvideo nederst i saka.