Surfing er ein lidenskap for Frida Ous. Brettet har fått mykje vaks på seg etter kvart. Foto: Tuva Dana

- Alle vert sett på som likeverdige

Surfing har vorte ein lidenskap for Frida Ous etter ho begynte å studere i Volda. Ho meiner miljøet byggjer seg meir og meir opp.

Publisert Sist oppdatert

Frå voldastudenten sitt synspunkt, virker surfesporten mannsdominert på verdsbasis, men samtidig virker den lokale oppbygginga annleis.

– Det har vore litt sånn her tidligere også, men ikkje så mykje no i det siste. Siste året føler eg det er mange fleire jenter som kjem fra Volda og andre stadar, som blir med å surfe og det er veldig kjekt.

Her i Volda, opplever Ous at surfesamfunnet er samansveisa og at kjønn ikkje har noko å seie. Sjølv om det kan bli kamp om plassane når det er strøkne forhald, gjev det ikkje varige mén.

– Når ein er ute i vatnet, vert alle sett på som likeverdige. På dei beste dagene er sjølvsagt alle gira på å få den beste bølgja, men eg føler at alle har respekt for kvarandre.

Surfekonkurransen XWave

1. april arrangerast surfekonkurransen XWave under X2 Festivalen i Volda. Ous seier at ho har vore med på arrangementet før, og har eit ønske om å bli med i år også.

– Ein får ein annan piff og «boost» når det kjem ein konkurranse. Ein blir gira og får lyst til å prestere. Det er morosamt å sjå kva ein får til, samanlikna med når ein tek det roleg.

Samhaldet mellom deltakarane under fjorårets XWave er ein del av grunnen til den positive innstillinga.

– Vi jentene som deltok, hadde skikkeleg god stemning og skapte eit jentefellesskap. Vi «backa» kvarandre og satt og heia. Det var jo konkurranse, men det var sterk støtte mellom oss.

– Elsker det å vere i eitt med naturen

For nokon kan surfing verke både røft, tøft og skummelt, spesielt når det er store bølgjer og mykje vind. Det har Ous forståing for, men vel heller å fokusere på det positive med vatnsporten.

– Eg elsker det å være i eitt med naturen. Den roa eg får inni meg når eg er ute i vatnet er skikkeleg deilig. Det beste er når ein klarer å ta ei bølgje og du berre rir den bølgja. Det kjennast ut som at alt stopper opp rundt deg.

For personer som har tenkt tanken på å byrje med surfing, men av forskjellige grunnar held igjen, har Ous nokon velvalde ord.

– Eg anbefaler å dra til Stadlandet. Der er det veldig nybyrjarvenleg. Det å ta seg ei helg når det er fint vêr for å få heile opplevinga. Ein må berre komme seg uti!

Powered by Labrador CMS