
NM-kampar, musikk-kafé og open hall
Det blir solskinn og plussgrader på Søre Sunnmøre denne helga, og det bugnar det av spennande arrangement og aktivitetar for både små og store.
SØRE SUNNMØRE: Yr.no melder om solskinn denne helga, dermed kallar fjellet for mange. Om du likevel har tid til eit arrangement eller to i ditt nærmiljø har vi samla noko av helgas program til deg her.
Idrett og aktivitetar
HANDBALL: Damelaget til Volda møter Larvik i Campus Arena kl.18 på søndag, dette er lagets siste heimekamp før kvalifisering.
FOTBALL: Herrelaget til Hovdebygda møter Herd i Ålesund fredag til andre kvalifiseringsrunde i NM, medan Ørsta herrelag møter Eid på bortebane søndag.
I Ulstein Arena blir det mange kjekke aktivitetar for ungdom frå 8.trinn-18 år på Open Hall laurdag frå kl.18.
Kultur
No.4 har gått frå intimkonsertar til Rokkefeller og Operahuset. Fredag kveld spelar dei på studenthuset Rokken i Volda. Nokre minutter gangavstand frå Rokken, på Tredet, spelar jazzmusikaren Daniel Herskedal. Han har mellom anna vunne spellemannspris som beste komponist.
Grimstadkoret inviterer til korkafé i Hareid kyrkje klokka fem på søndag, medan Herøy janitsjar saman med Jøleik skulekorps byr opp til musikk-kafé på leikanger Grendahus kl.16. Det blir også konsert med Sveinung Hølmebakk i Herøy Frikirke laurdag kl.19.
Vi i Nærnett ønsker deg ei god helg!