ENGASJERTE: Erling Kirkenes (venstre) og Kadir Dikbas fortel om "Hjelper'n".

No kan du bruke "Hjelper'n" i Herøy

Småjobbsentralen i Herøy har ei ny løysing som let innbyggarane i kommunen både tilby og utføre småjobbar. Via appen «Hjelper’n», kan eldre eller heimeverande få hjelp til småjobbar. 

Publisert Sist oppdatert

HERØY: 

 – Den største ambisjonen med prosjektet er å få elevane ut i arbeid, slik dei kan få høg meistring og få føle på korleis det er å vere ein del av samfunnet, seier Erling Andreas Garshol Kirkenes.

Kadir Dikbas og Erling Andreas Garshol Kirkenes jobbar for Herøy kommune, og er drivkrafta som har fått ordninga til Herøy.

Elevane har førsteprioritet

Kirkenes er ungdomscoach ved Herøy ungdomsskule. Nokre av elevane der har fått førsteprioritet på oppdraga som kjem inn til småjobbsentralen. Dette gjeld elevane som ikkje synst at skulekvardagen er den enklaste. 

 – Vi er knytt saman med Småjobbsentralen slik at vi kan gå ut å gjere desse jobbane saman med elevane, fortel han.

 Elevane får ikkje kompensasjon for arbeid utført i skuletida, men om dei gjer ein god jobb, kan det føre til at dei kan få fleire oppdrag frå fornøgde arbeidsgivarar.

 Jobbar utanfor skuletida blir lønna. Betalinga skjer direkte mellom arbeidsgivar og arbeidar.

SAMARBEID: Dikbas fortel at både Hamar og Herøy bruker same system.

Nylansert

 Dikbas jobbar med IT i Herøy kommune. Han fortel at det er selskapet Cegal som står bak appen «Hjelper’n». Herøy kommune har jobba tett med utviklaren.

 Nettsida blei publisert 10. september.

 – Mange har allereie registeret seg som bruker. Vi har også sett at mange er interessert i å bli hjelpar. Vi skal gå gjennom dei og ta nokre kjappe intervju slik at dei som vil kan bli hjelparar.

 Det er kjapt å bli registrert, men det er også nokre reglar som må følgast for å kunne vere hjelpar. Skapar dei problem, risikerer dei å bli utestengt.

 Ansvaret for elevane

– For elevane er det også ein del grenser vi som har ansvar for dei kan sette, seier Kirkenes. 

 Vidare fortel han at dei ikkje berre kan sende elevane ut på kva som helst slags oppdrag. Når dei lager brukarane, kan Kirkenes eller dei andre ansvarlege krysse av for kva slags arbeid kvar elev ønsker å jobbe med. Dei kan òg avgrense kva slags arbeid kvar elev får lov til å gjere. Det kan for eksempel hende at ein elev ikkje er i ein posisjon til å kunne klippe plen.

 Elevane får ikkje lov til å dra på oppdrag aleine.

UNGDOMSSCOACH: Kirkenes arbeider saman med elevane som ikkje synest at skulekvardagen er den enklaste.

Fleire med tidleg interesse

Allereie helga etter lanseringa tok Søre Sunnmøre Reinhald kontakt og spurde om dei kunne få hjelp til å flytte nokre søppelkasser. 

Det verkar altså som om det ikkje berre er eldre som kan dra nytte av den nye ordninga, Dikbas.

Han forklarer at han også har prata med Røde Kors, og at dei ønsker å bidra med besøksven eller heimeteneste via «Hjelper’n». 

Nokon positive, andre ikkje til "raske løysningar"

Karane er svært positive til teknologi og meiner at digitale løysingar kan løyse gamle flokar.

Andre er meir skeptiske. Utanfor ein kafé i sentrum sit tidlegare kommuneoverlege Bjørn Christiansen. Han er redd for at dette er eit døme på ei lettvint løysing på eit større og underliggande problem. 

SKEPTISK: Christiansen (til høgre) seier at Ikkje alle barn er A4. Han trur ikkje du kan kompensere det med å gi dei ein app.

– Risikoen er jo at det offentlege trekker ressursane sine tilbake. Det må ein vere merksam på. Det har dei gjort i eldreomsorga. Frivilligheit set dei stor pris på, for då sparer dei pengar sjølve.

Store ambisjonar

 Prosjektet gjeld ikkje berre for elevar. Det er òg meint som ein moglegheit for vaksne som av ulike grunner ikkje kjem seg ut i arbeid. 

– Det er mange eigenskapar som folk har, som dei kanskje ikkje er klar over, eller ikkje føler er verdifulle. Vi håper at dette kan vere ein augeopnar for mange, fortel Dikbas.

 Vidare seier han at håpet er at desse småjobbane skal gi dei ein meistringsfølelse som får dei til å tenke «Oi, det her kan jo eg!».

– Så eg håper jo at dette kan bidra i samfunnet, seier Kirkenes.

 Dikbas legger til at han håper løysinga kan kan skape rom for relasjonsbygging og trivsel. 

–Vi har snakka om at nokon kanskje kan kome heim til eldre og bake bollar med dei, eller dele eit måltid. 

  

 

Powered by Labrador CMS