Redningshunden Aika sin favorittbelønning er ball.

Sjå redningshunden Aika i aksjon

Med påske like om hjørnet vil mange skiglade trekke til fjellet. Då er det godt å vite at redningshundane alltid er i beredskap dersom ein er uheldig og møter på eit skred.

Publisert Sist oppdatert

NRH

Norske Redningshunder (NRH) er ein frivillig organisasjon som jobbar for å finne sakna ved hjelp av hund. I Møre og Romsdal har organisasjonen omlag sju hundar godkjent for lavinesøk(søk i snøskred) og omlag 30 hundar godkjent for ettersøking (søk i skog og barmark).

Leiar i NRH Ørsta omegn og lag, Per Gunnar Engetrøen, seier at hundar er ein god ressurs i redningsarbeid. Når Aika får vesten på seg skjønar ho med ein gong at ho er på jobb.

– Det er klart at det krev mykje trening. Vi trenar under fleire ulike scenario, slik at vi skal kunne klare å takle det meste, forklarar Engetrøen.

Styremedlem i NRH Møre og Romsdal, Else Marie Ressem, synes at redningshundar er viktig å ha tilgjengeleg sjølv om folk er flinke til å bruke sendar og mottakar når dei går på topptur.

– Det er likevel ingen garanti for at den sit fast på kroppen når raset har stansa, seier Ressem.

Du kan sjå korleis redningshunden Aika søker etter skredoffer nedst i saken.

Powered by Labrador CMS