Ny epoke for klatreklubben
No kjem det ny klatrevegg og buldrevegg i Fosnavåg. I eit industriområde på Mjølstadneset vil Herøy klatreklubb utvide tilbodet for sporten.
HERØY: Dagleg leiar, Mats Remøy Knotten, har eit håp om at deler av hallen skal stå ferdig til sommaren.
Det har vore med god hjelp av sponsorar og dugnadar at klubben fekk starta på prosjektet.
- Klubben har dugnad ein gong i veka og det har vore viktig med økonomisk støtte, seier Knotten.
Klatre-silo
Herøy klatreklubb har sidan 2023 drive klatring i ein silo på Nerlandsøya. I årevis har klatreveggen vore lite brukt. Det var først etter klubben tok over anlegget at interessen auka igjen.
- Vi vil fortsette å gi klatretilbod i siloen så lenge dei lokale vil. Med ny klatrehall, håper vi at vi kan drive begge anlegg samtidig, seier Knotten.
Følger same fotspor
Følger same fotspor
Sunnmørsk klatreklubb held til i Ørsta og Volda og har helde på sidan 1974. Til liks med Herøy klatreklubb, gav dei i Volda klatretilbod i ein silo. Driftskoordinator Øyvind Festø seier at han har merka stor forandring i sporten etter at dei opna nye klatrehallar.
- Sidan 2019 har vi opna klatrehall både i Ørsta og Volda. Vi starta med 200 medlemmer, no har vi rundt 750, seier Festø.
Det er ein individuell sport og Festø er positiv til den stadig aukande interessa for klatring på Sunnmøre.
..
Nernett tester klatreveggen på Nerlandsøya med bruk av autobelay. FOTO: Sunniva Bondevik