Ny menstruasjonsguide kan forme idretten
Fleire gonger i veka møter damene på A-laget til HØDD opp på fotballbana for å spele ball. Nokon gonger kan ein skulde på været for ei dårleg økt. Andre gonger er det kroppen som tek styringa.
ULSTEINVIK: – Det er viktig å ha ein open dialog rundt mensen. Opplevinga er veldig individuel. Nokon er meir komfortable og opne om å prate om det, og andre ikkje.
Det seier Vibeke Innselset. Ho er utviklingsleiar for jente- og kvinnefotballen i Hødd.
På kvinnedagen publiserte idrettsforbundet ein menstruasjonsguide, «Mensen i idretten». Eit av hovudpunkta med denne guiden er å auke kunnskapen blant trenarar og spelarar om korleis menstruasjonen påverkar utøverane.
Innselset har ikkje lese menststruasjonsguiden enno, men ho er likevel positiv til nyheita.
Fokus på damene
Innselset meiner at det er spesielt viktig å informere dei yngre spelarane om korleis dei ulike vekene i syklusen påverkar prestasjonen. Ho trur det kan vere lettare for spelarane å kome til ho viss det er noko, framfor mannlege trenarar.
– Sjølv om mensen blir prata meir om no, enn på mi tid, er det framleis eit forbetringspotensiale der, kommenterar Vibeke Innselset.
Ungt blod
Forsvarsspelar Ameilia Pilskog Solheim fortel at ho ikkje har noko vanskar med å seie ifrå til trenaren om det er noko menstruasjonsrelatert som plagar henne, men at ho ikkje kan prate for alle. Vidare fortel ho at dei har eit lager i garderoben med ekstra bind og tampongar.
Vil det beste for laget
I fem år har Ronny Osnes trent (dame) A-laget til HØDD. Dei siste åra har han lagt vekt på kvinnehelse under trening. Med dette følgjer også fokus på menstruasjonen.
– Under menstruasjon er ein meir utsett for skade. Når ein har eggløysing kan ein faktisk trene hardare. Ein må justere nivået på treninga etter formen, fortel Osnes.
– Det kan bety å ikkje la damene spele fotballkamp, kun trene, sidan det er den mest belastande delen. Dette kan verke litt motstridande, sidan det kjekkaste er å spele ball, informerer Osnes.
Han ynskjer å ha ein open dialog i laget når det kjem til mensen, men kan forstå viss det tek tid å byggje tillit. I laget er det nemleg store aldersforskjellar. Osnes er også ein mann, noko han trur kan bety at det tek litt lengre tid å skape tillit.
– Mensen er ein av dei mest naturlege tinga i verda, seier Osnes.
Han legg også til at informasjon om menstruasjon burde vere ein del av sportssplanane.
A-laget til HØDD varmar opp før trening.
VIDEO: Mathilde Tønjum
Lytt til reportasjen om saka her:
Menstruasjonsguide i idretten
Reportasje av Iben Sannum Pihlstrøm