Ny spelar til Hødd
Tuva Meek Lillenes er 22 år og kjem frå Meek på Folkestad. Lillenes har vore innom ei rekkje klubbar på Sunnmøre. I dette intervjuet fortel ho om eiga fotballkarriere, skader og likestilling.
HØDD: Dei siste sesongane har Lillenes vore i Hovdebygda, men har no tatt valet å ta steget opp i divisjonane til Hødd.
Ho seier det var vemodig å forlate gjengen i Hovdebygda, men følte at det var på tide å ta steget vidare.
Den siste tida har Lillenes vore skadefri, noko som er langt ifrå normalen. Ho føler difor at ho er i si beste form og at det då passa å ta sjansen om spel i ein høgare divisjon.
Ho har spelt fotball heile livet og kjem frå ein skikkeleg fotballfamilie. Faren, Even Lillenes, har vore viktig for hennar utvikling som fotballspelar, fortel ho.
– Å ha pappa som trenar gjer nok at eg får enda ærlegare tilbakemeldingar enn det ein hadde fått utan foreldretrenar.
Førebilete
Lillenes har sett mykje fotball, men den spelaren ho har beundra mest er tidlegare PSG-spalar Marco Verratti.
– Han er ein ankerfigur som ligg å swipa og dekkjer rom. Og så har vi begge litt lavt tyngdepunkt, så eg har prøvd å hente litt inspirasjon frå han.
Likestilling
Spelaren frå Folkestad har spelt fotball i mange år og synast likestillinga i sunnmørsfotballen har vorte betre dei siste åra, men det er framleis ein lang veg å gå.
– Det er på sin plass at det skal verte betre.
Lillenes trur ikkje problemet nødvendigvis er størst når det gjeld satsinga på seniorlaga. Ho seier at klubbane må verte mykje betre når det gjeld forventningane til jentene og gutane.
Det er alt for normalisert at jentelaga skal stille på trening for å ha det kjekt, i motsetnad til gutane som vert satsa på frå tidleg alder, meinar Lillenes.
Det er sett heilt ulike krav til kva trenarar dei sett inn på gutelaga, i motsetnad til jentelaga.
– Der er gjerne store apparat på plass med gutane frå dei er små, medan jentene må ta til takke med ein enkelt foreldretrenar.
Om jentene får same oppfølginga som gutane frå tidleg alder, vert forskjellane mykje mindre, konkluderar Lillenes.
Lillenes fekk spørsmål om denne typen forskjellsbehandling nokon gong har påverka motivasjonen hennar.
– Absolutt!
Gjennom oppveksten på ein liten plass har ho spelt mykje fotball med gutar. Når dei spelte mot reine gutelag satt ikkje kommentarane langt inne blant motstandarane. «Dei slår vi, for dei har jenter på laget» var ikkje ein sjeldan kommentar, fortel Lillenes.
– Dei var stille etter kampen, for då hadde dei blitt satt på plass.