FORNØGDE: Nokre av styremedlemmene i Moltustranda Montesorri. F.v.Anett Skorpen Tarberg, Anja Lillestøl, Othelia Lillestøl-Moltu, Nikoline Lillestøl-Moltu, Lisa Kristiansen og Per Ståle Moltu.

Nytt skuletilbod på Moltu

Ein gjeng engasjerte foreldre har kjøpt skulebygget på Moltu. Til hausten opnar Moltustranda Montessori.

Publisert Sist oppdatert

HERØY: Moltu skule var lenge truga med nedleggjing. Foreldre og føresette til elevane jobba hardt for å behalde det offentlege skuletilbodet. Likevel vedtok kommunen å leggje ned skulen. 

Dette fekk småbornsforeldra til å sjå etter andre moglege løysingar. I mars signerte Moltustranda Montessorri og Herøy kommune ein avtale om kjøp av det gamle skulebygget på Moltu.

Montesorriforeldre

Moltustranda Montesorri blir første montesorri-skulen på Søre Sunnmøre. Slike skular fylgjer pedagogikken til Maria Montessori, som i korte trekk betyr at barnet er i sentrum.

Opninga av ein Montessoriskule i bygda kjem etter eit sterkt foreldreinitiativ, fortel Lisa Kristiansen, som sjølv har born på Moltu skule.  

– Motivasjonen har jo vore det å behalde ein nærskule. Eit skuletilbod kan vere vesentleg for at folk ynskjer å bli buande og etablera seg i bygda, fortel Kristiansen.

SKULEN: Dette skal bli til

Skambud

Kristiansen og mange fleire laga eit uformelt styre og fekk samla inn midlar for å kjøpe bygget. Etter god dialog med kommunen og godkjenning frå Utdanningsdirektoratet bestemte foreldra seg å leggje inn bud på bygget.

Taksten var på over 1,5 millionar kroner. Det var ikkje i budsjettet deira, fortel Kristiansen.

– So vi la inn eit skambud på 5000 kroner. Det var ingen andre som la inn bud, so vi fekk det. Vi hadde kjempeflaks, smiler Kristiansen.

Herøy kommune om det nye tilbodet

RÅDHUSET:

Kommunestyret i Herøy er positivet til det nye skuletilbodet, fortel Trond Arne Rossi Aglen, kommunedirektør i Herøy kommune. Vidare fortel han at det er ein del vilkår som må følgjast for å drive ein skule. Kommunen skal samarbeide med dei som ynskjer å etablere skulen og  passe på at krava blir innfridd.

Aglen legg til at det kjem til å bli færre elevar på den offentlege skulen i Stoksund, men at kommunen skal klare å oppretthalde eit godt tilbod for elevane som går der. 

– Eg er glad for at Moltustranda Montesorri har fått løyva til å etablere ein privatskule, kommenterar direktøren.

 I videoen ser ein skulebygget og delar av uteområdet.

VIDEO: Mathilde Tønjum

Powered by Labrador CMS