FRONT OG VAKT: Julie Garmo og Håvard Steffensen har hatt ansvar for høvesvis estetikk og tryggleik. Dei ynskjer alle ei god påske.

Og vips, så var praksis over

Praksisperioda er over, og Nærnett går i dvale fram til hausten.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: – Praksis er vårens vakraste eventyr. Det er synd det er over, seier Hild Nordal.

Ho har losa studentane ved nettspesialiseringa gjennom dei seks siste vekene. Dei har vore fulle av godsaker, god stemning, litt frustrasjon, og mykje læring, ifølgje ho sjølv.

– Det har vore veldig kjekt.

KAKEFREDAG: Hild Nordal feirer påske med kake.

Som å segle i medvind

Håvard Steffensen har vore vaktsjef for Nærnettredaksjonen den siste praksisveka.

– Denne skuta har vore den enklaste eg nokon gong har segla. Når du har så mange flinke folk, er det akkurat som å segle i ein enorm medvind. Ja, me har blitt litt sjøsjuke, men det gjer oss berre sterkare, fortel Steffensen, med eit glis om kjeften.

No gler han seg til å ta påskeferie i Dalen, utan å tenkje på sitatsjekk og produksjonslogg.

Nærnett er attende til hausten!

Gled dykk, alle nyhendelystne søre sunnmøringar!

Powered by Labrador CMS