Omkom i Rotsethorntunnelen

Éin person omkom i ulukka i Rotsethorntunnelen torsdag kveld.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Politiet meldte i går kveld om ei ulukke i Rotsethorntunnelen i Volda. 

Éin person omkom i ulukka, og dei næraste pårørande er varsla. 

VIDEO: Sebastian Lerpold

– Ulukka skal ha skjedd rundt to kilometer inne i tunnelen, fortel innsatsleiar Odd-Arne Brynjulfsen. 

Innsatsleiar Odd-Arne Brynjulfsen

Mannskap frå alle naudetatane vart sendt ut. Det er snakk om ei svært alvorleg ulukke, med stor skade på bil og infrastruktur.

– Det er meldt om røykutvikling og gassar inne i tunnelen. Det har gjort til at vi i politiet ikkje får tilgang til tunnelen. 

Det vart ikkje meld om flammer

Tunnelen var stengt heile natta. Statens vegvesen arbeida med å sikre omkøyringsruter. Fergesambandet Volda-Folkestad gjekk utover natta.  

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen og kriminalteknikarar arbeidar framleis inne i tunnelen for å finne årsaka til ulykka.

Statens vegvesen reknar med at tunnelen kan opne igjen klokka 17 fredag. Det er omkøyring via ferje til Folkestad inntil vidare.

Ulukka skjedde to kilometer inne i tunnelen
Powered by Labrador CMS