Låmmelår er ein populær påskemiddag som alle vil like!

Den perfekte påskemiddagen

Lammelår er ein klassisk middag som fleire ser i samanheng med påske. Det fleire kanskje ikkje er klar over, er at lammelår ikkje er så vanskeleg å lage som ein skulle ha trudd. Dersom ein student kan klare dette, kan du også!

Publisert Sist oppdatert

Dette treng du:

· Lammelår (vi har brukt eit på 2,5 kilo)

· Salt

· Pepar

· Olje

· Kvitlauk

· Rosmarin

· Gulrot

· Potet

· Gul lauk

· Rosenkål

· Toro sjysaus

1. Gni godt med salt, pepar og olje over lammelåret. Husk begge sider. Lag deretter snitt i låret og dytt inn båtar med kvitlauk og rosmarin.

2. Kutt opp nokre skiver med gulrot, potet og gul lauk. Fordel skivene i ei djup langpanne og legg lammelåret over. Dette gir god smak til skyen som vil trekke ut av låret. Spar resten av grønsakene til tilbehøyr. Sett i steiketermometer.

3. Steik lammelåret i omnen på 125 grader i sirka tre timar, eller til steiketermometeret viser 73 grader. Då vil kjøtet bli godt steikt.

4. Pakk låret inn i aluminiumsfolie og la det kvile i minst 30 minutt. I mellomtida kan ein førebu tilbehøyr. Dette inneber å koke rosenkål, steike potetbåtar og lage saus.

Drag row

5. Skjær fine stykke av låret og server saman med tilbehøyr. God påske!

Powered by Labrador CMS