Ørsta ungdomskule fekk ny båt: – Dette blir viktig for utruleg mange ungdommar
Tirsdag formiddag fekk Ørsta ungdomsskule ein båt til 120.000 kroner. Denne skal først og fremst brukast av valfaglinja friluftsliv.
– Denne båten vil være til hjelp for elevar som treng ei meir praktisk tilnærming. Båten vil gjere det lettare å oppnå kompetansemåla, samt legge til rette for mestring i skulekvardagen, seier rektor Mailen Kvalsvik.
Båten var ein gave frå Ørsta Småbåtlag. Den er på 20 fot og har plass til åtte personar.
Sparebanken Møre gav eit tilskot på 100.000 kroner for å kunne gjere dette mogleg.
– Dette tilbodet blir viktig for utruleg mange ungdommar i Ørsta, så det blei veldig viktig for oss å bidra, fortel Mette Ryste på vegner av banken.
Båten skal takast i bruk av dei omlag 120 elevane som tek valfaget friluftsliv ved Ørsta Ungdomskule.
Vil lære meir om sjøen
Ein av elevane som gleder seg til å ta båten i bruk er Jimmy Andre Amoroso Westre (16).
– Eg synest det er veldig kjekt at ungdomsskulen får ein båt. Som regel går undervisninga føre seg i skog og mark, men no får vi være på sjøen også, seier Westre.
Han ser fram til å lære meir om både fiske og båtliv.
– Eg håper vi får drage krabbeteiner og fiske på djupvatn.
Ønsker å rekruttere ungdommen
Leiar i Ørsta Småbåtlag Tore Thon er glad for å kunne gi dette tilbodet til elevane. Han håpar på meir aktivitet i småbåthamna.
– Vi ønsker absolutt å få ungdommen til å trekkje ned til hamna, bruke anlegget og skaffe seg eit godt forhold til sjøen, seier han.