TO GODE VENAR: Trass 40 års alderskilnad deler dei to same engasjementet for eit rikt kulturliv

Øyvind og Martha opnar kulturfesten

Det er snart klart for offisiell opning av Volda si nye storstove. Øyvind Lied (62) og Martha Pavelich (22) er to av dei som øver intenst før det store arrangementet.

Publisert

Laurdag 6. november skal dei to stå for opningsnummeret ved den offisielle opninga av Volda Campus Sparebank1 Arena.

– Det blir ein fullpakka dag med kultur, seier musikarveteranen Øyvind Lied.

Saman med Martha Pavelich han godt i gang med å øve til opningsnummeret.

– Arenaen er ikkje berre ein idrettsarena. Det er potensielt ein konsertarena. Det er plass til opp til 2000 menneske der inne. Da kan man ha store og flotte produksjonar.

– Ei fantastisk songarinne

Arrangørane har til dømes fått med seg Martha Pavelich, Øystein Salhus og ein del ballettdansarar frå kulturskulen på Nordfjord på laget.

– No blir det mellom anna rockekonsert, men kanskje ein får ein opera ein gong? seier Lied spørjande.

For opera er dei begge kjent med.

Lied er ivrig, og går straks i gang med å fortelje om talentet til Pavelich.

– Martha høyrer til ei familie som har ansvar for at det blei opera på Nordfjordeid. No har ho vore tre år i Brighton, England, på en skule som er forstadiet til West End London.

MUSIKALSK FAMILIE: «Jorda rundt på 80 dager» blei satt opp på operahuset på Nordfjordeid nyleg, og seks av åtte Pavelich-familiemedlem deltok på scenen.

Trass i at Martha Pavelich berre er 22 år, har ho hatt fleire hovudroller på operaen i Nordfjordeid allereie.

– Ho er ei fantastisk songarinne. Eg har ikkje vore borti nokon som har så «lett for det» som Martha, uansett kva ho tek i, seier Lied.

Det er tydeleg at dei to har ein god tone, og at Øyvind Lied er begeistra for at Pavelich følger draumen sin.

– Eg var i magen til mamma då dei heldt på med mykje opera, og har vore med bak scenen heilt sidan eg var baby for å høyre på opera. Det har alltid vore musikk rundt meg, så det har vore en del av livet mitt heile tida, fortel Pavelich.

Ifølge henne er musikkinteressa eit sterkt lim i familien. Ho byrja sjølv på kulturskulen då ho var seks år gamal.

– Frå ung alder har eg vore musikkinteressert og hatt lyst til å spele alle moglege instrument. Eg vaks opp med å ta piano- og fiolintimar i kulturskulen, var med på korps og lærte å spele gitar heime med faren min.

Utdanna musikalartist

– På ungdomsskolen og vidaregåande begynte vi å lage musikalar, og da fant eg verkeleg ut at «Oi, dette her er noko eg verkeleg vil halde på med i framtida». Det var der min kjærleik for song, musikk, dans og skodespel verkeleg vaks fram, seier ho.

No har ho ein bachelorgrad i preforming arts og er utdanna musikalartist ved Institute For Contemporary Theatre i Brighton.

Ein av dei store draumane hennar er å være musikalartist på West End eller Broadway.

Pavelich fortel at ho reiste til England saman med fire andre frå Nordfjordeid.

– Kva er det som gjer at ungdommen derfrå er så opptekne av musikk og kultur?

– Eg trur vi er veldig heldige med dei som er med i kulturskulen, og kulturlivet på Nordfjordeid er helt fantastisk. Det er utruleg engasjerte lærerar, som verkeleg inspirerar. Kultur blir verkeleg sett pris på. Eg trur det er eit høgt nivå der borte, og det blir sett høgt på lista over ting som er viktig å halde på med, seier Pavelich.

Pavelich omtalar samarbeidet med Lied som «fint og smud». Lied er samd.

Lim i arbeidslivet

– Eg har jobba i kulturskulen der inne, og veit at Nordfjordeid mista sjukehuset sitt og andre sentrale institusjonar, som gjor at dei var nøydde til å finne på noko. Da vart ideen om eit operahus til, sånn eg har fortstått det. Det vaks fram som ei årsak til at ein del av limet i arbeidslivet der inne forsvann, fortel Lied.

Lied vart oppfordra til å søke ei prosjektstilling ved rockeskulen på Nordfjordeid. Der treftes dei to.

– Martha har vore eleven min på rockeskulen på piano og band i nokre år.

Lied fortel at han også kjem frå ein heim med mykje song og musikk.

– Når vi var ungdommar var det å spele i band det som talte. Vi sa til familiane våre at vi budde hos kvarandre, men drog avstades for å spele til dans.

Han spelte til dømes i Westpoint, som han fortel var det første bandet i Volda til å få platekontrakt. Dei låg på europatoppen i nokre veker.

– Eg har vore veldig privilegert som har fått halde på med hobbyen min stort sett heile livet. Det har vore spennande, inn i mellom vanskeleg, men eg har aldri villa bytta. Eg er så glad for at Martha og gjengen følger draumane sine.

Etter nyttår skal nemleg Pavelich tilbake til England, saman med nokre av musikalkompisane heimafrå.

– Vi skal skaffe oss agentar, dra på auditions og prøve oss i det store, skumle livet. Vi prøver å følge draumen, og skal vere der for å hjelpe kvarandre å kome vidare i livet, seier Pavelich.

Lied applauderar.

Men før den tid skal opninga av hallen finne stad.

Powered by Labrador CMS