På veg ut av Aasenkvartalet
I mange år har planen vore at Høgskulen i Volda skal leige kontorlokale i det planlagte Aasenkvartalet. No skrinlegg høgskulen desse planane.
— Det er komplekst.
Det seier høgskulerektor, Odd Helge Mjellem Tonheim, som forklarar at avgjerda grunna i fleire omsyn. Fyrst og fremst handlar det om stram økonomi.
— Då dette byrja, for ti år sidan, såg all økonomisk utvikling ut til å vera positiv. No er me i ein annan situasjon, seier Tonheim.
Handla om kontorplassar – ikkje Aasenkvartalet åleine
I fleire år har høgskulen leigd paviljongar hjå kommunen som dei har brukt til kontor for mellom anna stipendiatar. Då det blei klart at leigeperioden nærma seg slutten, måtte ein finna alternativ og lysa ut eit anbod om nye kontorlokale. Det planlagte Aasenkvartalet blei eit naturleg alternativ.
— Me kunne jo aldri garantert at me skal bli leigetakar i Aasenkvartalet, men det hadde gitt god meining, seier Tonheim.
No har høgskulen bestemt seg for å ikkje lysa ut på anbod.
Statleg pålegg
Saman med fleire høgskular og universitet i heile landet, blir Høgskulen i Volda oppfordra av Kunnskapsdepartementet til å effektivisera areala sine. Det inneber å bruka meir av sine eigne lokale, utan å vera avhengig av eksterne leigeavtaler.
– Slepp me å leiga, kan me heller bruka pengane på utdanning, forsking og på studentane våre, grunngjev Tonheim.
I samband med strammare budsjett i åra som kjem, blei det statlege kravet om effektivisering den utløysande faktoren for at høgskulen valde å avlysa anbodet.
Færre leigeinntekter til Aasenkvartalet
Høgskulen i Volda er den einaste i landet utan tilknyting til ein kunnskapspark der forskingsmiljø og næringsliv kan møtast. Tonheim fortel vidare at dei har inngått ein intensjonsavtale med Norsk innovasjonssenter i Volda om ein framtidig kunnskapspark for området.
Aasenkvartalet skal etter planane romma eit slikt senter, kor ein har sett føre seg høgskulen som ein viktig leigetakar og samarbeidspartnar. Sjølv om det no ikkje blir noko fast leigeavtale, håpar høgskulen at planane framleis blir realisert.
— Ein kunnskapspark vil ikkje berre vera positivt for høgskulen og Volda. Det vil óg gagna heile regionen, understrekar Tonheim.
Tonheim trur at dei som næraste nabo vil styrka det samla tilbodet hjå Aasenkvartalet – trass i at høgskulen ikkje lenger er ein potensiell leigetakar.
— Me er jo uansett vegg i vegg, seier han.
Hotellplanar i det blå
Utbygger har lenge vore på utkikk etter aktørerer som kan etablera eit hotell på området. For høgskulen ville dette vore ei god arena for å kunna arrangera større faglege konferanser og liknande. Tonheim understrekjar likevel at sjølv om høgskulen kan trekkja mykje aktivitet til eit slikt hotell, kan deira leigeinntekter ikkje vera med å finansiera det.
— Høgskulen kan ikkje byggja hotell, slår han fast.
Sisa Invest AS er utbygger av Aasenkvartalet og har over lengre tid vore i dialog med ein potensiell hotellaktør. For kort sidan valde denne aktøren å ikkje gå vidare med planane. Sisa Invest AS, opplyser at dei er i dialog med fleire andre aktørar. Det meldte leiar for Volda Utvikling AS, Thomas Lundberg, under eit møte i formannskapet førre veke.