Nærnett testar:

Påskenyheitene du kan putte i egget!

Påska er snart her, og då er det tid for nye varer i butikkhyllene. Vi i Nærnett har teke turen og testa ut fem ulike godteri. Kven er den soleklare vinnaren, og kven vil ein absolutt ikkje ha i påskeegget?

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Dagens testarar er Eirik Solbakken, Emilie Wee og Truls Bjørnstad. Alle tre er journalistar på Nærnett, og har store forhåpningar til dagens test. Både Eirik og Truls har klare meiningar om kva dei gler seg mest til.

– Først og fremst er eg ganske spent God Påske-sjokolademixen frå Minde. Den ser veldig god ut. Men den påskeklenninga har eg ikkje store forventningar til, seier Eirik.

For Truls er det sjokoladeegga med Smarties som ser mest spennande ut.

– Eg er personleg veldig glad i Smarties, så eg trur den vil treffe godt for meg i alle fall.

Så kva er kriteria testpanelet går ut ifrå?

Det viktigste for dagens panel er sjølvsagt smak, men også innpakning, og kor mykje påskestemning ein får frå godteriet.

Testpanelet er klare, og med eit glas Solo til kvar, er det store påsketesten klar til å byrje!

Ny innpakning, same produkt

Dagens dårlegaste snacks er Påskeklenninga med sukkerknusp frå Berthas. Det var så vidt den vart med i testen, då den einaste staden dei fann den, var i kassa. Er det eit salstriks? spør Eirik.

DÅRLEG SALSTRIKS: Testarane var ikkje imponert over denne påskeklenninga.

Fyrste reaksjon er at den ser heilt lik ut som vanleg klenning.

– Her har dei berre lagt på noko gul innpakning og kalt det påskeklenning. Eg skulle gjerne hatt noko meir, seier Eirik.

– Eg manglar den påskemagien som vi såg etter, legg Truls til.

– Her skulle det ha vore enkelt å lagt til noko gul krem eller liknande, så hadde det vorte påske med ein gong, meiner Emilie.

Påskeklenninga med sukkerknusp skuffar panelet og det endar med terningakst 2.

Stor variasjon, men dårleg smak

Neste produkt ut er Påskemix frå Brynhild. Her er det både sjokolade, skum og ulike typer biter. Her meiner testpanelet at framsida ser veldig lovande ut, men at innhaldet ikkje held mål.

DÅRLEG SMAK: Her var det store forventningar, men påskemixen får ingen stjerne i boka.

– Eg vart litt skuffa av presentasjonen etter å ha sett biletet utanpå. Det ser litt tørt ut, seier Eirik.

Fleire av bitane skuffa testpanelet. Den einaste som slo an var den oransje skumgeleen.

– Den syns eg smaka litt appelsin, og det er jo veldig påske, kommenterer Emilie.

– Eg vart skuffa av denne Påskemixen frå Brynhild. Det var ein av dei eg gledd meg mest til, men den skuffa stort, seier Eirik.

– Eg likar at det er mykje variasjon, men for min del er eg ikkje heilt fornøgd med innhaldet, legg Truls til.

Påskemix frå Brynhild treff ikkje heilt vårt testpanel og endar på terningkast 3.

– Ikkje overbevisande sjokolade

Vi skal i det internasjonale hjørnet med det neste godteriet, nemleg Smarties. Dei har laga sin eigen versjon av sjokoladeegget med fyll. Nestle har fylt egget med Smarties, noko testpanelet er veldig positive til.

LITE FYLL: Smartiesen gav eit glimt til barndommen, men mengda smarties var ikkje nok.

– Dei var veldig artige å riste på, med slik god lyd. Det trur eg dei yngre borna synest er gøy, seier Emilie.

Fleire av egga har òg ulike motiv, og Eirik er positiv.

– Dette er jo artig for dei yngste, med ulike påskemotiv som påskekylling og påskeharen og slik.

Smaken, derimot, er dei noko mindre begeistra til.

– Smarties smakar jo det same som dei alltid gjer, men det egget av sjokolade rundt er ikkje godt, kommenterar Truls.

Heile testpanelet synest i tillegg at det kunne ha vore fleire Smarties inne i egget.

Alt i alt endar testarane på terningkast 3.

Slår ikkje juleskummet

Neste ut er Cloetta sin Påskeskum, som kan likne på det populære juleskummet. Nærnett sitt testpanel hadde ikkje akkurat skyhøge forventningar til dette godteriet, men likevel tru på at det skulle smake godt.

GOD KJEVETRENING: Påskeskummet erstattar nok ikkje juleskummet med det same.

– Eg må jobbe med kjeven her, og kan ikkje prate samtidig, seier Eirik.

Etter nokon tygg, kan Eirik bekrefte at det smakar som juleskum.

Emilie påpeiker at det var søte harar i innpakninga, men at dei ikkje har like mykje smak.

– Dette var ikkje noko banebrytande, berre ein gul variant av juleskum, kommenterer Truls.

Dagens favoritt

Ein annan favoritt blant vårt testpanel, var God påske frå Minde, ei god blanding av folket sine sjokoladefavorittar.

TILFREDSTILLANDE POSE: Til å vere ein mixpose var det få dårlege bitar.

– Det ser ut som ein pose utan dårlege sjokoladar. Av sjokoladane synest eg at marsipanen hadde ein god konsistens. Salt karamell slår aldri feil. Risbrødet var litt mindre enn vanleg, det likte eg, fortel ein fornøgd Eirik.

For Emilie sin del blei egget i sjokoladeposen litt for søtt og dermed noko skuffande. Elles er ho samd i at resten av blandinga var god, og blant det beste av påskenyheitene.

Truls meinte også at Minde si God påske representerte sjokoladefamilien godt. Fine påskefigurar er også eit pluss.

– Dei klassiske dyrefigurane er alltid ein favoritt. Elles var det mange gode bitar, andre ikkje fullt like gode, legg han til.

Alle tre er samde om at dette er dagens beste og gir terningkast 5.

Se testingen i videoen under:

Powered by Labrador CMS