
Plastposane sponsar løn til strandryddarar
Dei jobbar med å rydde bos på strender. – Det var litt deprimerande å sjå, fortel Hallstein Lynge.
VANYLVEN: Handelens Miljøfond brukar pengane frå plastposane du kjøpar i daglegvarebutikken til å støtte prosjektet. Det er tre stykk som rydder strendene.

Tysdag starta dei på Åram ferjekai i Vanylven. Planen er å ende opp eit lite stykke inne på Fiskå. Tidlegare har dei vore på Moltustranda.
– No får vi betalt. Rydda frivillig på fritida, og mot betaling i arbeidstida, fortel Hallstein Lynge.
Fallgard kystrenovasjon rydder strender på Søre-Sunnmøre saman med Runde miljøsenter.
Då dei starta opp igjen i år var det ei hamn på Kvamsøya som var blitt veldig forsøpla. Ei hamn dei brukte mykje tid på å gjere rein i fjor.
– Det var litt deprimerande å sjå. Om det kom lokalt, eller om det har komme med straumen er ikkje lett å vite, fortel Hallstein som håpar arbeidet ikkje er forgjeves.
Det varierar kor mykje plast det er. Nokre plassar er det reint, mens andre plassar står vi på same plass og fyllar fleire sekkar med plast.
Store konsekvensar
Det er ein fortvila Hallstein som fortel om konsekvensane av plast i naturen.
Forhåpentlegvis har fiskeri og vanlege folk blitt flinkare å ikkje kaste plast i naturen. I går då eg skulle heim etter rydding, såg eg ein måse som hadde fått ein stor plastbit over halsen, fortel Hallstein.
– Eg håpar at det ikkje er forgjeves. Om folk tek meir omsyn? Veit ikkje. Skulle ønske eg kunne si ja, humrar Hallstein.

Engasjement
frå publikum
Det er som oftast god respons frå publikum. Mange er og interesserte i å arbeide hjå oss. Både studentar, sesongarbeidarar og pensjonistar. Det er godt engasjement.
- Ein gong var det nokon som vart litt irritert. Vi går på eigendomane til dei som har strandkant på eigendomen, fortel Hallstein.
Det er lettare å kaste bos og plast i naturen når det er på eigen eigedom, fortsett Hallstein.

- Ikkje noko verste med jobben
Ellen Marte Solem, som også er med å rydde, fortel at det er ein givande jobb.
– Eg er glad i fysisk arbeid, og å vere ute. Når vi ryddar i råtten tang luktar det vondt, elles er det berre fint, seier Solem.
Avslutningsvis fortel Hallstein at det er vanskeleg å gi eit estimat på kor mykje dei har plukka. Han tippar det er rundt 3-4 tonn so langt i år.
