PRAKSISGJENGEN: Over 90 studentar har vore i sving og laga journalistikk frå Søre Sunnmøre. Redaksjonen til journalistutdanninga held hus i det nye mediebygget (i bakgrunnen) på Høgskulen i Volda.

Praksis er over for denne gong

Vårens seks veker lange internpraksisperiode for journalistikkstudentane er over, og dermed går Nærnett, Nærsynet og Radio Volda i dvale fram til hausten.

Publisert

Journalistikkstudentane på Høgskulen i Volda har ein seks veker lang internpraksisperiode kvar vår og kvar haust. Då produserer dei journalistikk frå Søre Sunnmøre, og presenterer dette på ulike plattformer: Nærnett (nettavis), Nærsynet (TV), Radio Volda og sosiale medium.

No er vårens praksisperiode over, og vi vil takke lesarane, sjåarane og lyttarane våre for følgjet.

Redaksjonen er tilbake på jobb frå 4. september.

Powered by Labrador CMS