Prøvar å forlengja skisesongen: – Opnar bakkane så snart me kan
Snøen ligg, men ikkje der han trengst. I Volda må skisenteret halda stengt, og no håpar driftsleiar Alf-Henning Ervik at snø frå parkeringsplassen kan gje nytt liv til familiebakken.
Vinteren er i fullt køyr, og for mange betyr det slalom. Men vil ein stå på ski i Volda, må ein smørja seg med tolmod. Volda Skisenter, som ligg på Reset i Volda, er for tida stengt.
– Slik som føret er no, kan me ikkje ha bakkane opne. Kundane vil øydeleggja skia om dei køyrer, seier driftsleiar i Volda Skisenter, Alf-Henning Ervik.
Skisenteret har, ifylgje Ervik, måtta stenga skitrekket fram til bakkane får meir snø. Vêret så langt i år har skapt utfrordringar, då kulde og mangel på nedbør har ført til bare bakkar.
– Me ynskjer sjølvsagt å ha eit tilbod for skikøyring. Framover skal me vera på ballen, slik at trekka kan opna så snart det er høve for det.
Manglar utstyr
Dersom ein vil stå på slalom, treng ein likevel ikkje dra langt. Dei fleste skitrekk på Sunnmøre og omegn er nemleg opne, og i nærliggande Ørsta er fleire bakkar i drift. Ervik fortel at skilnaden mellom skisentra ligg i tilgang til utstyr.
– Volda Skisenter har ikkje snøkanonar, så det er ikkje mogleg for oss å lage snø. Utan snøkanon er me i stor grad avhengig av at snøen kjem naturleg, ifylgje Ervik.
Han seier vidare at senteret ikkje har investert i snøkanonar, fordi det krev tilgang til store mengder vatn. Ei slik investering vil òg krevja boring etter vatn, noko skisenteret ikkje har økonomisk rom til.
Hentar snø på parkeringsplassen
Med kreative løysingar håpar skisenteret i Volda å forlengja skisesongen. Ein av dei som deltek i arbeidet er Jørn Olav Egge. Han er dagleg leiar i Egge Entreprenør AS og ein ivrig bidragsytar ved skisenteret. I samråd med støtteapparatet rundt anlegget har han bestemt seg for å flytta snø frå parkeringsplassen og opp i familietrekket.
– Snøen på parkeringsplassen var så rein at me bestemte oss for å prøva å flytta han opp i bakken. Til no har eg køyrt 40–50 lass, og meir skal opp, fortel Egge.
Egge hentar snø frå store haugar ved parkeringsplassen og køyrer lassa opp med hengar, før han lesser av i familiebakken. Her skal snøen fresast opp og tråkkast ned med tråkkemaskin. Målet er at særleg barna i bygda skal få gleda av å prøva seg i skibakken.
– Familiebakken vår er eit fantastisk trekk og ein mjuk start for barna. Til og med ungar ned i treårsalderen kan ha glede av å prøva seg i bakken, med litt trening, legg han til.
Håp om å forlengja sesongen
Eldsjelene bak skisenteret i Volda håpar no å kunna opna familietrekket og gi eit tilbod til lokalbefolkninga. Lysa frå skisenteret kan sjåast frå Volda sentrum, og eit nærmiljøanlegg som dette har stor verdi for bygda, meiner Egge. Eit skisenter kan bidra til både betre folkehelse og auka trivsel.
Skisenteret kan freista med varmestove og flott natur – no manglar det berre snø.