Regjeringas omkamp om folkehøgskulane - får ikkje støtte lokalt
Regjeringa vil igjen kutte stipenddelen for folkehøgskuleelevar frå 40 til 15 prosent. Det kan gi kvar elev titusenvis av kroner meir i studiegjeld. No får forslaget motbør frå Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal.
ØRSTA/VOLDA: ØRSTA/VOLDA: Eit tilsvarande kutt vart foreslått i fjor, men vart då stansa av Stortinget. At forslaget no kjem opp att, skaper reaksjonar lokalt.
– Vi vart på det næraste lova i fjor at dette ikkje skulle kome igjen. Dette var ikkje det folkehøgskulane eller elevane trengte usikkerheit om no, seier rektor ved Møre folkehøgskule i Ørsta, Rune Hovde.
Ikkje støtte lokalt
Hovde får støtte frå uventa hald. Nestleiar i Møre og Romsdal Arbeidarparti, Sverre Leivdal, er ikkje nøgd med framlegget frå eiga regjering.
– Nei, dette støttar vi ikkje lokalt. Vi har spelt inn til våre sentralt at dette er eit kutt vi er lite nøgde med. Sett med våre auge vil det vere positivt om dette vert stoppa på Stortinget også i år, seier Leivdal.
Han deler uroa for kva innsparinga på 98 millionar kroner vil seie for skuleslaget.
– Dersom folkehøgskulane berre vert for dei ressurssterke, så misser vi ein viktig funksjon desse skulane tradisjonelt har hatt.
Fryktar for rekrutteringa
Kuttet kan i praksis bety mellom 35 000 og 40 000 kroner meir i studiegjeld for ein elev. Ifølgje Hovde får ein elev som finansierer året gjennom Lånekassen, om lag 150 000 - 160 000 kroner i lån og stipend.
Eit år på folkehøgskule vil i gjennomsnitt koste om lag 156 800 kroner i skuleåret 2027/2028, ifølgje folkehogskole.no.
Hovde fryktar dette vil gå utover dei som har trongast økonomi, og merkar konsekvensane allereie før opptaket startar 15. november.
– I fjor vart det fullstendig stopp i søknadane då forslaget kom. Det er øydeleggande for oss å måtte ta dette ein gong til, seier Hovde, som er redd skulen på sikt kan bli eit tilbod berre for dei med god råd.
– Hadde vurdert det annleis
Oda Fet Sollien går linja Surf and Summit på Møre folkehøgskule. Ho finansierer skuleåret med studielån frå Lånekassen, der 40 prosent blir gjort om til stipend.
– Utan den støtta trur eg ikkje eg eller veldig mange andre hadde hatt moglegheit til å gå på folkehøgskule. Det er ingen som plutseleg kan punge ut med over 100 000 kroner, seier ho.
Viss kuttet hadde gjelde då ho søkte, trur ho at ho kunne ha valt annleis.
– Ja, det trur eg faktisk. Då må ein ut med meir pengar sjølv, og det er det veldig mange som ikkje har midlar til.
Ho fortel at dei fleste elevane ho har snakka med på skulen, har teke opp lån med stipend.
– Viss stipendet blir kutta så mykje, trur eg mange kjem til å ende opp med å betale frå eiga lomme. Då blir det veldig stor skilnad på kven som har moglegheit til å gå på folkehøgskule.
Departementet: – Uheldig skeivfordeling
Kunnskapsdepartementet grunngir forslaget med at folkehøgskuleelevar bør få same stipenddel som studentar som fullfører eit årsstudium.
– Det er vanskeleg å argumentere for at dei som går på folkehøgskule, skal få høgare stipenddel enn dei som fullfører eit årsstudium ved universitet og høgskular. Det meiner vi er ei uheldig skeivfordeling, skriv statssekretær Synnøve Mjeldheim Skaar i Kunnskapsdepartementet i ein e-post til Nærnett.
Ho skriv at departementet inn mot neste års budsjett òg vil greie ut stipenddelen for andre utdanningar som ikkje fører til ein grad.
Hovde meiner sammenlikninga med årsstudium ikkje held
– Du kan ikkje samanlikne det. Eit årsstudium kan innpassast i ein bachelorgrad. Dette er ei klar innstramming overfor ei elevgruppe, og eg er veldig skuffa over Arbeidarpartiet, som eg trudde var eit parti som hadde litt folkehøgskule i sjela si.
– Det er aldri for seint å snu, men vi skal ikkje gå fram til det same stupet gong etter gong. Vi må skape ro for ungdommane og heile skuleslaget, seier Hovde.
Lytt til radioreportasjen her: