Rekordmånad for Hamna badstue
Volda har lagt bak seg den kaldaste januarmånaden på ti år. Det merkast ved sjøfronten, der pågangen hos Hamna Badstue har vore rekordstor gjennom vinteren.
VOLDA: Medan gradestokken har vist tosifra minusgrader, har det vore god varme i Volda hamn. Mads Melbø i Volda E-sport, som drifter badstua, fortel om ein travel vinter med mange besøkande.
– Vi ser ein tydeleg samanheng mellom det kalde vêret og kor mange som bookar tid i badstua. Det har vore veldig populært blant familiar i jula, og når studentane har kome tilbake etter nyttår, har dei vore den største gruppa, seier Melbø.
Kan bli eigne badstuelaug
Suksessen gjennom desember og januar gjer at driverane no ser på nye løysingar for dei mest ivrige brukarane. Dersom den gode trenden held fram, kan det bli enklare å bruke badstua fast.
– Vi vurderer no både månadskort, klippekort og noko vi kallar «badstuelaug». Sistnemnde går ut på at faste grupper kan kjøpe seg faste tider kvar veke. Det er noko vi ser på for å gjere tilbodet endå betre, spesielt for studentane, seier han.
Han presiserer at dei må gjere ferdig evalueringa av strømutgifter og systemkostnadar før alt er spikra, men at dei er veldig positive til utviklinga.
Smart-drift i fjæra
Det er kanskje utradisjonelt at ein e-sportklubb drifter ei badstue, men for Volda E-sport har det vore ein god match. Dei tok over drifta då Volda Rotary ønskte at nokon andre skulle styre det daglege. Ved hjelp av eit automatisert bookingsystem startar omnen oppvarminga to timar før kvar avtale.
– Systemet fungerer veldig godt, og badstua har gått med overskudd heilt sidan vi starta opp i juni, fortel Melbø.
Inviterer til gratis badstue
For dei som enno ikkje har testa det varme tilbodet i vinterkulda, har Melbø ein gladnyhet:
– I regi av studentveka i Volda, vil det no på søndag vere gratis badstue for alle som ønskjer å prøve. Det er ein fin sjanse til å få varmen i kroppen etter ein lang og kald januar.