
Rosa bølgje i Ørsta: Nær 600 sprang for kreftsaka
Aldri før har så mange møtt opp til Rosa sløyfe-løpet i Ørsta – eit klart teikn på at bygda står samla for ei god sak.

ØRSTA: Ildsjel-løpet slo alle rekordar og samla inn over 100.000 kroner
Laurdag vart sentrum i Ørsta fylt av eit rosa folkehav då nærmare 600 deltakarar stilte til årets Rosa sløyfe-løp. Samstundes som deltakarrekorden vart knust, vart det også ei sterk markering av samhald, håp og støtte til pårørande av brystkreft.
På Havtor Hovden-plass skein sola over eit hav av rosa klede, ballongar og smil. Frå barn i barnevogn til eldre med startnummer på brystet. Bygda stilte opp for ei sak som rører mange.
— Sjølv når vermeldinga har lova regn og skyer, har sola alltid komt fram. Det er nesten så nokon har bestemt at det skal vere sånn, seier Guro Kvammen.

Målet til arrangørane var å slå fjorårets deltakarrekord på rundt 350. Det klarte dei med glans. Nær 600 personar stilte til start.
– Det er heilt fantastisk å sjå kva bygda får til når folk samlar seg. Dette er ikkje berre eit løp, det er eit uttrykk for samhald, seier Kvammen.
For mange av deltakarane hadde løpet ei personleg betydning. Bente Mork og Kathrine Brekke sprang Rosa sløyfe-løpet saman i fjor - like etter avslutta kreftbehandling.

– Før fekk alle med brystkreft den same behandlinga. I dag veit vi at brystkreft ikkje berre er ein sjukdom, men mange ulike. Den behandlinga som reddar ein, kan ha liten effekt for ein annan. Difor er forsking så viktig, seier Brekke.
Ho understrekar kor mykje Rosa sløyfe-løpet betyr for vidare framgang innan forsking og behandling.
Alle pengane frå årets løp går til brystkreftforsking.
Rekordår for Rosa sløyfe i Noreg
Årets Rosa sløyfe-aksjon har sett ny salsrekord nasjonalt. Over 19.000 sløyfer vart selde berre på lanseringsdagen – meir enn dobbelt så mange som i fjor. Totalt er det produsert 220.000 sløyfer, og inntektene går til forsking på brystkreft, som er den vanlegaste kreftforma blant kvinner i Noreg.

Etter løpet var det berre smil å sjå. Deltakarar i alle aldrar klemde, lo og delte kjensla av å ha vore med på noko viktig. Nokon løfta armane i vêret i triumf, andre tørka tårer. Felles for alle var gleda over fellesskapet og den gode stemninga som fylte sentrum for tredje gong.
– Det er heilt utruleg å sjå kor mange som har møtt opp, og kor mykje energi og varme det er her i dag. Folk har verkeleg gått inn for dette, sa ein tydeleg rørt Guro Osborg Kvammen medan dei siste deltakarane passerte målstreken.

Rosa t-skjorter, ballongar og plakatar fylte sentrum. Kvar gang nye deltakarar kom inn i mål, var det stor applaus i publikum. Mange hadde med familie og vener som heia frå sidelinja, og frivillige frå Ørsta Mova og Brystkreftforeininga stod klare med medaljar og klemmer.
Blant dei som bidrog til å skape liv på plassen var også Sparebanken Møre, som har vore ein av hovudsponsorane for løpet. Banken stilte med både frivillige og premiar, og synte at dei tek lokalt engasjement på alvor.
– Dette er eit arrangement vi med glede støttar. Det handlar ikkje berre om pengar, men om å vere ein del av noko som betyr mykje for folk i lokalsamfunnet, sa Marius frå Sparebanken Møre, som heia fram deltakarane ved målgangen.
Sjå bilder frå løpet her: