Rotlaus spelte for eit fullt Rokken studenthus 17. mars og stemninga var til å ta og føle på.

- Eg er ingenting utan musikken

I starten var musikkreisa både skummel og ekkel, men no kunne han ikkje vore forutan. Rotlaus vokalist, Bjørn-Marius Øyehaug fortel om livet som musikar.

Publisert Sist oppdatert

Havna litt utanfor ungdomskulemiljøet

Bjørn-Marius kjem opphavleg frå austlandet. Det å snakke bokmål var ikkje like akseptert for den nyflyttande. Det var ikkje like sosialt å vekse opp i Follestaddalen og bu langt vekke frå sentrum. Det tok ikkje lang tid før Ørsta-dialekta var på plass og musikken tok over.

- Eg spelte på kasserolle og oljefat, fram til eg fekk mitt første trommesett i ein alder av 8år.

Bjørn-Marius fekk vidare ein aktiv periode i Ørsta med nytt skuleband. Både på ungdomskulen og vidaregåande, fekk han og gjengen mange ulike oppdrag i bygdelokala.

Det store spørsmålet

Rotlaus synger for full hals under sin konsert ved studenthuset i Rokken.

Det var i vinteren 2008 i eit familielag i Dombås som forandra planen til Bjørn-Marius. Der kom han i prat med vokalisten og gitaristen til bandet Vassendgutane.

- Vi både spelte og prata saman ut natta, til han omsider spurte “faen da, kunne ikkje tenke deg å kore på ei plate då?”.

Det var like etter innspeling, at han fekk spørsmålet om å bli Vassendgutane sin nye trommeslagar. Bjørn-Marius fortel at som 19 åring var det vanskeleg å takke nei

Måtte gi seg

Trommeslagaren blei med i totalt 5 år, og det var nok til at han blei lei av alt som heite musikk.

- Eg låg med nervar kvar veke og tok ting eg aldri burde tatt. Når mine kompisar heime hadde fått dame, hus og bil, var eg lyst å gjere noko anna.

Det var i sin nye arbeidsplass som trailer-sjåfør, at han kom ut for ein stygg arbeidsulykke. Med ein hardt skada rygg og eit samlivsbrot, begynte Øyehaug å skrive ned tekstar. Det var tekstmeldingar som verte lagra som han seinare skreiv om til låtar.

I starten av 2015 bestod bandet av tre karar, som hadde møtt kvarandre gjennom musikken.

«Det var viktig å røske med seg alt»

- I starten var det tøft. Eg sal huset mitt for å kunne finansiere for vår første turnebuss.

Bjørn-Marius gjorde tv-debut i NRK-programmet Lindmo.

Med tap på rundt 10 000 kroner kvar helg, måtte det nyoppstarta bandet livnære seg på forskjellige måtar.

- Kleda vaska vi i bekkena og innsjøane der vi spelte. Vi panta flasker og overlevde på det ein fekk av mat og drikke på backstage. Vi var ikkje sikker på at det skulle gå, men vi satsa stort.

Spole fram til i dag har bandet gjort seg kjent rundt heile Noreg. Bandet består av 5 forskjellige kara som har forma eit vennskap gjennom musikken. Rotlaus har for andre år på rad blitt nominert til Spellemann. Bandet har fleire millionar avspelingar på Spotify og fyller konserthus rundt heile landet.

- Vi blir nok stort sett på som eit festband, men dei fleste som har vore på konsertane våre ser nok at det er litt meir.

Kva skil Rotlaus frå andre?

Det er spesielt viktig for Bjørn-Marius å vere han frå bandet. Han fortel at det finnast nok frontvokalistar som vil stikke seg fram. Øyehaug har måtte takka nei til både 71 Grader Nord, Farmen Kjendis og Hver Gang Vi Møtes.

- Det er ikkje meg det handla om, det er heile Rotlaus.

Simen Bjørdal og Bjørn-Marius Øyehaug inviterte Nærnett på kaffi og god prat.

Nye låtar og store planar

Rotlaus har bestemt at det skal bli ein ny turne til sommaren. Bandet har også planar om å nå ut til både Norden og resten av Europa.

- Vi ønska å spele meir for Sverige og Danmark. Vi vil også prøve å oversette eit par av låtane våre til Engelsk og Spansk.

Øyehaug har hus under oppussing og eit nytt studio under arbeid. Han fortel at musikkyrke ikkje alltid er like glamorøst. Det kan vere press til å levere nye låtar og planlegge reise for turneane. Nesten kvar torsdag reiser vokalisten ut på oppdrag og kjem heim til måndagskvelden.

- Det er godt å kome heim, for då kan eg fokusere på å vere far. Og med eit nytt studio vegg i vegg, har eg alltid ein plass å rømme til. Det seier Bjørn-Marius med eit lurt smil.

Rotlaus gleda seg til eit nytt studio med både bad og kjøkken. Dei lova at ny musikk vil kome.
Powered by Labrador CMS