GÅR TIL SAK: Jonny Stokkevåg frå Hareid skal møte Helseklage i tingretten i februar. – Eg fekk heile livet snudd på hovudet, seier han.

Saksøker staten: – Eg har tapt helsa og livskvaliteten

Jonny Stokkevåg (46) frå Hareid meiner koronavaksina var årsaka til at han fekk eit hjerneslag. No, fem år seinare, går han til sak mot staten.

Publisert Sist oppdatert

HAREID: – Det går betre no, seier han.

Ein kan høyre tungpusten når Jonny Stokkevåg set seg i sofaen.

– Du må gje meg litt tid til å tenkje når du stiller spørsmål, seier han til journalisten.

Kvardagslege ting krev meir no enn før. Det er det ingen tvil om.

– Eg har jo innsett at eg har litt utfordringar, spesielt kognitivt, seier han.

I februar skal han møte Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (Helseklage) i tingretten.

Stokkevåg meiner koronavaksina er årsaka til at han fekk eit hjerneslag.

Dette avviser Helseklage. Du kan lese meir om deira tilsvar lengre nede i saka.

Men kvifor ende det i søksmål for Jonny Stokkevåg?

– Eg var ingen skeptikar

La oss spole tida tilbake til 2020.

Koronapandemien herja, og kvardagen blei snudd på hovudet for alle.

Men for Jonny Stokkevåg var livet fint. Ein firebarnsfar og ektemann med ting på stell.

– Eg var tilsett i Nordsjøen og hadde mitt eige firma. I 2020 tok eg permisjon frå jobben på sjøen slik at kona kunne ta master medan eg kunne jobbe i firmaet.

På denne tida kjøpte han og familien eit småbruk ved Snipsøyrvatnet i Hareid.

Så blei koronavaksina klar.

ALDRI SKEPTISK: Jonny Stokkevåg var aldri nokon skeptikar. Han har gjennom heile livet teke dei vaksinane som har vore anbefala.

– Eg hadde eigentleg tenkt å vente litt med å ta vaksina, sidan eg var frisk og i god form. Men vi vart alle råda av helsemyndigheitene til å ta den for å beskytte andre, seier han.

Stokkevåg fortel at han aldri har vore ein vaksineskeptikar.

– Eg har aldri hatt noko mot vaksiner. Gjennom heile livet har eg følgt alle vaksinasjonsprogram som har vorte anbefalt, understrekar Stokkevåg.

Vaksinesaker i Høgsterett

Tre vaksinesaker har vore behandla i høgsterett.

I to av sakene blei staten frifunnen. I ei av sakene tapte staten.

Det er ingen saker som omhandlar koronavaksina som har vore i høgsterett enda.

Kjelde: Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (Helseklage). 

Jonny Stokkevåg si sak skal opp i tingretten i februar.

Han valde å ta koronavaksina i juli 2021.

Nokre dagar seinare fekk han ei bankande hovudpine. 

– Det varte i over ein månad. Hovudpinen var ganske intense greier. Eg var til og med hjå legen, fortel han.

Stokkevåg seier at dei som kjenner han veit at han ikkje går til legen for kva som helst.

– På dette tidspunktet hadde eg ikkje vore hjå legen på årevis. Eg hadde ingen grunn til det. Eg har vore frisk heile livet, slår han fast.

Etter kvart blei han som dei fleste andre råda til å ta vaksine for andre gong.

Hovudpinen hadde gitt seg, men han var meir bekymra denne gongen.

– Eg sa til legen at eg var skeptisk til å ta ein ny dose. Men eg fekk beskjed om det ikkje var noko grunn til å vere bekymra.

Sidan han allereie hadde teke ein dose og kjende seg grei att, valde han å ta den.

Då alt blei verre

Det gjekk ei lita veke før han på nytt kjende seg dårleg.

Plutseleg var all energien hans vekk.

– Det var ein vanleg morgon der eg sat ved frokostbordet. Plutseleg kjende eg meg heilt slapp. Alt blei så tungt på ein måte, skildrar han.

KJENDE SEG IKKJE ATT: Jonny Stokkevåg byrja å merke at noko ikkje var som det skulle.

Stokkevåg tenkte at sjukdomstilstanden var midlertidig, så han drog på arbeid.

Frå denne dagen kjende han ikkje seg sjølv att.

– Hukommelsen byrja å svikte, eg starta å hugse ganske dårleg. Til slutt var det så ille at det kunne gå fem minutt frå eg sat i ein telefonsamtale til eg ikkje huska kven som ringde. Det var ubehagelig, forklarar han. 

Men Stokkevåg dreiv eit firma, og var glad i å jobbe.

Han hadde ikkje lyst til å vere vekke frå det.

– Eg blei nokså kjapt 80 prosent sjukemeld. Eg vart kraftig redusert for å seie det slik.

Dette var ein situasjon han aldri hadde vore i. 

Dessverre var dette berre starten.

Tilstanden eskalerte gradvis, og legebesøka blei hyppigare.

TUNGPUST: Jonny Stokkevåg fann etter kvart ut at problema hans var ekte.

– Det byrja å verke i alle ledd. Eg fekk mjølkesyre berre av korte gåturar. Etter eit par veker byrja eg å kjenne på ei uro i kroppen. Eg fekk liksom aldri slappa av.

Legane fann ikkje ut kva som feilte Stokkevåg. Han ville prøve noko anna.

Pasientskader som omhandlar vaksiner

Dei siste fem åra har det vore 2470 vaksineklager oppe i Norsk pasientskadeerstatning.

Av desse har 486 saker enda i medhald for pasienten.

Det viser at rundt 20 prosent av alle klagesaker endar i medhald for pasienten.

Kjelde: Norsk pasientskadeerstatning

Jonny Stokkevåg har fått avslag på pasientskadeerstatning, og klaga saka vidare til Helseklage. Der fekk han igjen avslag.

– Eg tok ein offshore helseattest hos medi3 i Ulsteinvik for å få nokon andre til å sjå på meg. Då fekk eg påvist høgt blodtrykk og tungpust.

Hendinga i gravemaskina

Nokre veker etterpå skjedde det som Stokkevåg no går til sak på. 

– I november 2021 skulle eg hjelpe ein kollega, eg kjende meg i form til det.

Stokkevåg sat i gravemaskina, medan kollegaen stod utanfor.

– Mens eg køyrde gravemaskina blei eg veldig svimmel, så eg skulle berre lukke auga litt, fortel han.

Stokkevåg trudde han kvilte auga i berre nokre få sekund, men kollegaen hadde ein annan historie.

– Han fortalte at eg stoppa å grave i over 40 sekundar. Eg hadde auga opne, men eg stirra berre ut i lufta. Dette hugser eg ikkje.

Dagen etter drog han til legen igjen.

– Då vart eg 100 prosent sjukemeld. Eg var skikkeleg dårleg. Men prøvane viste ingenting.

Sjølv om han vart sjukemeld og hadde høg puls, klarte ikkje legane å finne ut kva som feilte 46-åringen.

Dei neste månadane var Stokkevåg i periodar innlagd på Volda sjukehus og Nevrologisk poliklinikk i Molde.

– På nyåret i 2022 eskalerte tilstanden. Hjartet sprang løpsk, det verka i armar og bein, og hukommelsen var elendig.

I Molde tok han ei MR av hjerna. Der fekk han påvist eit hjerneslag.

– Dei kunne ikkje tidfeste slaget. Det kunne vere noko som vart medfødd.

Men ut på våren dette året byrja Stokkevåg å kome i betre form. 

– Blodtrykket roa seg, og den ekstreme utmattinga eg kjende på byrja å sleppe.

Han ville ut til Nordsjøen att. Å kome seg på jobb var viktig for Stokkevåg.

Permisjonen var over, og trass tilstanden hans fekk han lov til å reise ut.

– Eg var to turar offshore. Men på den andre turen skjønte eg at dette ikkje gjekk. Eg hadde store utfordringar kognitivt, og sleit med å finne fram.

BLEI FOR MYKJE: Han prøvde seg i Nordsjøen att, men måtte kaste inn handklede.

Stokkevåg sleit også med venstre fot. Han klarte ikkje å løfte den skikkeleg når han gjekk i trapper.

– Dei berre glapp ut av handa mi

Han ringde på nytt til nevrologane i Molde.

Der tok dei ny MR av hjerna hans. Etter ei lita stund kom konklusjonen.

– Dei konkluderte med at slaget mest sannsynleg hadde skjedd i november året før, då eg sat i gravemaskina, forklarer han.

Ifølgje Stokkevåg gjekk det fleire månadar frå han hadde hjerneslaget til han fekk vite det.

Nærnett har vore i kontakt med Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Sjukehuset har blitt fritekne frå teieplikta, men ynskjer ikkje å kommentere detaljane rundt hjerneslaget.

Stokkevåg meinte forklaringa han fekk i Molde passa godt med symptoma hans etter hendinga i gravemaskina.

– Brikka ramla litt på plass då eg fekk beskjeden frå Molde. Til dømes når eg tek ut av oppvaskmaskina, støtter eg meg med høgre hand og tek ut fat med venstre. Det hende fleire gonger at fata berre glapp ut av handa mi, seier han.

– Eg hadde også kjøpt meg nye støvlar, fordi eg likar å gå turar. Det hende at eg gjekk på trynet i marka. Då tenkte eg at det var støvlane som var dritdårlege, men det var jo balansen min som var dårleg, skildrar han.

På grunn av slaget hadde han nedsett funksjon i venstre arm og bein.

– Då fekk eg sjokk

Overlegen i Molde ga Stokkevåg ein dyster beskjed om årsaka til slaget.

– Eg fekk beskjed om at det var ein årsakssamanheng mellom koronavaksina og hjerneslaget. Overlegen meinte at det kunne ikkje vere noko annan årsak til slaget.

Han byrja å innsjå at skaden hans kjem til å vere langvarige.

– Heile situasjonen er surrealistisk. Eg var ein frisk mann i 40-åra. Så tek eg to vaksinar, og plutseleg er livet mitt snudd på hovudet, forteller ein opprørt hareidstøl.

Han legg ikkje skjul på at det tærar på økonomisk å vere sjukemeld.

No skulle han søke om pasientskadeerstatning.

SJOKK: Mannen frå Hareid blei sjokkert då han ikkje fekk erstatning for den tapte helsa si.

Fleire år med arbeid hadde gått tapt, og livskvaliteten var sterkt redusert.

– I mitt naive hovud trudde eg det berre var å fylle inn ein søknad og levere den. Eg tenkte at skadene mine var godt dokumenterte. Det kunne jo ikkje vere nokon annan grunn enn vaksina, på ein måte.

Over eit år seinare fekk Stokkevåg ein telefon.

– Eg fekk avslag. Eg blei ringd medan eg var på rehabilitering for å byggje styrke i venstre arm og bein etter slaget.

– Kvifor fekk du avslag?

– Dei meinte at det ikkje var nokon årsakssamananheng mellom vaksina og hjerneslaget.

For ordens skuld tok Stokkevåg ein dose med Pfizer og ein dose med Moderna.

– Då eg høyrde det fekk eg sjokk. Då skjønte eg at dette blir ein kamp.

– Kva gjorde beskjeden med deg?

– Eg var jo på eit rehabilitetsopphald. Vaksina er jo grunnen til at eg var der. 

– Eg veit at somme kan ha problem med ulike legemiddel. Du kan ta ein Paracet og verte ordentleg sjuk, eg er fullstendig klar over det. Men eg føler at eg tok denne vaksina for å vere ein god borgar. Der og då følte eg at staten trakka på meg.

Stokkevåg klaga på avslaget, men til inga nytte. 

– Dei meinte at eg var heilt frisk fram til slaget, noko eg ikkje var. Eg har vore i dårleg form heilt sidan eg tok den andre dosa, og det var lenge før slaget. Forklaringa deira heng ikkje på greip, fortel han.

HEIME: Alt har vorte tyngre dei siste åra for Stokkevåg. Han har vore mykje heime.

– Det kjennes ut som eg er 84 år

No har han saksøkt staten. Søksmålet skal i tingretten i februar.

– Eg kan ikkje godta dette. Det er jo livet mitt. Eg har tapt helsa og livskvaliteten. Ingen fortener å oppleve det eg har opplevd dei siste åra. 

Stokkevåg har ikkje vore i jobb sidan 2022.

– Eg vil sjølvsagt i jobb igjen. Men eg har skjønt at helsa mi må prioriterast før eg kan tenkje på arbeid, seier Stokkevåg.

– Korleis vil du beskrive forma di no kontra tidleg 2022 etter slaget?

– Eg kjenner kroppen min betre no. Alt handlar om å tilpasse seg. Eg veit litt meir kva eg får til, kor lang tur eg kan gå, og kor mykje eg kan gjere i huset før eg treng pause. Av og til kjennes det ut som eg er 84 år.

Han har dei siste åra ikkje følt at han strekker til i heimen.

– Kona og ungane har takla situasjonen bra. Men eg føler framleis på dårleg samvit sidan eg ikkje kan vere med på så mykje med barna, seier han.

– Vi ynskjer anerkjenning

Advokat Kjell Inge Ambjørndalen skal representere Stokkevåg i retten.

Han legg ikkje skjul på kva målet med søksmålet er.

– Vårt rettslege krav er å få anerkjenning om at det kan vere ein samanheng mellom vaksina og hjerneslaget til Stokkevåg.

Ambjørndalen understrekar at det ikkje handlar om pengar i dette søksmålet.

– Vi er meir opptekne av å få aksept mellom vaksina og plagene som har følgt.

Advokaten omtalar vaksinesaker som eit minefelt i retten.

– Legane meiner at det ikkje er nokon grunn til å betvile vaksinar. Dei forsøker å skyve alle andre moglegheiter under teppet. Men alle medisinar kan gje eit uheldig utfall, påpeiker han.

– Vi skjønar att dette er krevjande

Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (Helseklage) har blitt forelagt påstandane til Stokkevåg.

Hilde Ruus er avdelingsdirektør i prosedyreavdelinga i Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten. Ho svarar i ei skriftleg utsegn.

– For å få pasientskadeerstatning etter ein vaksineskade må vaksina vere årsaka til skaden, skriv ho i utsegna.

Ruus meiner at det ikkje er noko årsakssamanheng mellom vaksina og hjerneslaget.

Samstundes har avdelingsdirektøren forståing for situasjonen Stokkevåg står i.

– Vi skjønar at dette er ein krevjande situasjon for Stokkevåg. Pasientskadenemndas oppgåve er å sørgje for at det blir gitt erstatning til dei som har krav på det etter gjeldande regelverk. Det vil seie når krava i pasientskadelova er følgde.

Ho skriv vidare at det er Stortinget som bestemmer i kva tilfelle det skal gjevast erstatning, ikkje pasientskadenemnda.

Ifølgje Stokkevåg uttalte overlegen i Molde at hjerneslaget hadde kome grunna koronavaksina. Dette har Ruus i Helseklage fått spørsmål om.

– Pasientskadenemnda har gjort si vurdering i vedtaket. Når ei sak skal prøvast for retten, kan partane føre alle vitna dei ynskjer. Det er opp til retten å ta stilling til om dei meiner vilkåra for for pasientskadeerstatning er følgde, skriv ho.

Ikkje oppført som ein biverknad

Øyvind Hornstuen er overlege i Direktoratet for medisinske produkter (DMP).

Han skriv at det ikkje er ein fastslått samanheng mellom koronavaksina og hjerneslag.

– Hjerneslag er ikkje oppført som ein biverknad av desse vaksinene, skriv Hornstuen.

IKKJE BIVERKNAD: Øyvind Hornstuen er overlege i Direktoratet for medisinske produkter. Han fortel at hjerneslag ikkje er oppført som ein biverknad av koronavaksina Jonny Stokkevåg tok.

Om andre store biverknader knyta til koronavaksina skriv han følgjande:

– Vi mottar meldingar om mistenkte biverknader frå helsepersonell og pasientar. Av dei som blei meld som mistenkte biverknader av koronavaksine, blei 14 prosent rekna som alvorlege.

Nærnett har og spurt om korleis ein skil mellom alvorlege hendingar som oppstår etter vaksinasjon utan samanheng med vaksina, og alvorlege hendingar som er forårsaka av vaksinasjon.

Til det svarer han:

– Det er ofte vanskeleg å vite om ei hending er tilfeldig samanfallande i tid eller om vaksinasjon er årsaka. Sidan dei fleste mistenkte biverknader også kan oppstå av andre grunnar enn vaksine, vil det stort sett vere ei grad av usikkerheit når ein vurderer årsak, skriv han.

Må vere sannsynleg

Nærnett har vore i kontakt med Norsk pasientskadeerstatning (NPE).

Dei viser til dokument som forklarer korleis pasientskadesaker blir vurdert på eit generelt grunnlag.

Der står det at ein skal ha erstatning viss vaksina kan vere årsaka til ein pasientskade.

Det står også skrive at det må sannsynleggjerast at vaksina kan ha forårsaka skada. For koronavaksina gjeld eit lågare beviskrav sidan det var ei nasjonalt anbefalt vaksine.

Dei viser til at det må vere meir enn 50 prosent sannsynleg at vaksina har forårsaka ei skade.

Nærnett understrekar at NPE ikkje er ei part i søksmålet til Jonny Stokkevåg. Difor uttalar dei seg på eit generelt grunnlag. 

Powered by Labrador CMS