Satsar stort på hjort
Hjorten har vorte ei inntektskilde i Hovdenakken, samstundes driv same familie eit fjøs fyllt med kyr og nokre angus-oksar ikkje langt ifrå.
ØRSTA: Regjeringa har lagt fram ein plan om at Noreg må auke sin sjølvforsyningsgrad, og dermed blir det viktigare framover å støtte småbruk og produsentar av kortreist mat. Ein av familiane som har opparbeidd seg eit slik bruk er familien Hovdenakk.
På garden går det hjort i ei innhegning som er omtrent fire og ein halv kilometer lang, men ikkje langt ifrå ligg eit større fjøs dei også driv. Der har dei storfe og nokre angusoksar som dei også tek vare på. Fjøset er ikkje på same plass som hjortefarmen. Den ligg på vassenden like ved.
– Vi har jobba i fleire år med å finne den riktige balansen når det kjem til smak og tørking av pølse og burgar, forklarar Hans Nicolai Hovdenakk.
No er det desse varene dei satsar på å få solgt ut til folk i nærområdet, og til leverandørar slik som hotell i større byar. Hovdenakk forklarar at dei allerie har samarbeid med hotell i Ålesund. Då er det hovedsakelig prat om pølser. Hovdenakk produserar forskjellige typar pølser slik at dei fleste kan finne ei pølse dei likar.
Pølsene har dei fått ut ein del av til butikkar i nærområdet. Dei fokuserar på utsalg av større pølser slik at kunden får verdi for prisen dei må betale.
Nye utsalgsalternativ framover
Matvogn har vorte meir populært dei siste åra. Vognene er lette å sette ned ein plass for å kunne selje produkta sine. Dette har også Hovdenakk tenkt på, og tenkjer å starte opp med det.
– Me har gått til innkjøp av ei vogn, så no må me få på litt logoar og slikt så er me klare for å begynne utsalg på konsertar og andre aktivitetar, seier Hans Nicolai Hovdenakk.
Frå vogna skal dei hovudsakleg selje burgarar frå hjort med noko angus-feitt på grunn av hjortekjøtet sin turre natur. Derfor har dei lagt inn omtrent tjue prosent feitt frå angus for å få burgarane meir saftige.
– Me ligg også over femti prosent andel av hjortekjøt fordi me ynskjer å ha eit reint produkt slik at kunden veit kva dei får servert, forklarar Hovdenakk.
Lokalprodusenten veljer å ikkje prøve å direkte utfordre store bedrifter. Dei ynskjer i staden for å lage kvalitetsprodukt som forbrukarane kan kjøpe.
– Å utfordre dei store produsentane av pølse og morr er urealistisk, difor er vi nøydd til å vere realistiske og håpe på at kundane likar vårt produkt betre, forklarar Hovdenakk.
Økonomisk er det noko vanskeleg
Økonomi for bønder er noko som lenge har vore diskutert. For familien Hovdenakk har dei fått kontroll på økonomien ved å ha utsalg av hjortekjøtt, og ved at dei har eit eige slakteri på garden. S
– Eg jobbar fleire hundre arbeidstimar i året i fjøset, men eg har omtrent ikkje teke ut lønn i det heile, så profitten me ser, er frå salg av hjort, fortel Hovdenakk.
Hovdenakk understrekar at familien har trua på hjortefarmen og fjøset, og at dei no ser vidare framover, med potensielle tankar om ei utviding etterkvart.
– Me ynskjer å selje, og difor håpar me å få matvogna klar til Vassendgutane sin konsert i Ørsta no i mai, seier Hovdenakk AS.
Her kan du sjå videoen som vart laga av vårt tv-team:
Sjølv om journalist og Intervjuobjekt har same etternamn, er det ingen relasjon mellom dei.