Programleiarane Marie Nyrud og Emilie Sofie Petterøe ønskjer velkomen til vekas sending.

Sjå Nærsynets sending frå 25.09.2025

Publisert Sist oppdatert

TORSDAGSSENDING: Programleiarane Marie Nyrud og Emilie Sofie Petterøe tek oss gjennom vekas sending som startar med innflytta ukrainarar sine tankar om integrering på Søre Sunnmøre. Vidare møter vi LIVE-reporter Sivert Føsker, som markerer Fårikålens dag på kjøkenet ved Høgskulen i Volda.

På REKO-ring-treff i Hovdebygda sel lokale bønder produkt direkte til kjøparen. Reporter Martine Murland Hagen møter ein av bøndene heime på garden. Sendinga held fram heime hos studenten André Årseth, som fortel om ideen som gav han 10.000 kroner i lomma.

Vi held fram med andre episode av Fjordfylket, der reporterane Martine Murland Hagen og Noah Barbati møter personlege historier frå gardslivet på Skår. Vidare er Sivert tilbake på skjermen direkte frå kjøkenet, der fårikålen er klar til servering.

Sendinga rundar av i handballgarderoben, der reporter Alexandra Kristoffersen utforskar rituala til handballspelarane frå Volda før kamp. Programleiarane takkar for seg, og minner om ny sending alt tysdag 30. september. På gjensyn!

Powered by Labrador CMS