Tysdag var det skuleval på Ulstein vidaregåande skule. Her blei Frp det største partiet.

Frp vann skulevalet i Møre og Romsdal: – Mektig imponert

I Møre og Romsdal er det Framstegspartiet som er den klare vinnaren av skulevalet. Stortingsrepresentant Jon Georg Dale skryt av ungdomspartiet sitt.

– Det er intet mindre enn fantastisk. Det er heilt openbert at ungdomane våre har gjort ein formidabel innsats, seier Jon Georg Dale på telefon til Nærnett.

Stortingsrepresentant Jon Georg Dale (Frp) er ikkje overasska over skulevalresultatet, men hadde ikkje forventa så høge tal.

På Søre Sunnmøre er Dale sitt parti den klare vinnaren på både Herøy vidaregåande skule, Ulstein vidaregåande skule og Ørsta vidaregående skule. Framstegspartiet er også størst i heile Møre og Romsdal med 28,8 prosent.

– Eg er mektig imponert. Skuledebattar er kanskje dei tøffaste debattane ein kan vere i, fortel Dale.

Haustens skulevalkamp bringar med seg minne. Voldingen hugsar tilbake til da han sjølv var aktiv i skulevalkampen.

– Eg var massevis med i skulevalkampen, og var også debattant. Eg hugsar særleg godt resultatet på Ørsta vidaregaånde skule i sin tid, da vi fekk reint fleirtal. Det var ei kjempekjensle, fortel stortingsrepresentanten som er ferdig på stortinget etter valet.

Vil ha inn to mandat frå Møre og Romsdal

Leiaren i Møre og Romsdal FpU (Framstegpartiets ungdom) deler gleden over valsigeren med Jon Georg Dale.

– Det er heilt fantastisk. Eg hadde håpa på eit godt resultat, men ikkje eit så godt resultat. Eg er strålande fornøgd med resultatet og alle som har bidrege, seier Joakim Myklebost.

Saman med andre FpU-are har han vore rundt om i heile fylket. Han trur årsaka til at Frp vann er at folk har fått meir fokus på dei viktigaste sakene, og hevdar at dei andre partia ikkje klarer å svare på kritiske spørsmål om til dømes klima og miljø.

Joakim Myklebost, fylkesleiar i FpU, hadde eit mål om å slå Arbeidarpartiet i skulevalet. Det klarte han.

Myklebost har eit håp om å få inn to mandat frå Møre og Romsdal, og skal bidra kvar dag og natt fram til valet på måndag for å få til det.

Venstre størst i Volda

Sjølv om Framstegspartiet gjorde eit godt val på Søre Sunnmøre, er det ein skule som skil seg ut. På Volda vidaregåande skule er det Venstre som er valvinnar.

Debattant og sentralstyremedlem i Unge Venstre, Hans Jacob Huun Thomsen, er strålende fornøgd med resultatet, og er optimistisk i trua på at Venstre kjem seg over sperregrensa.

– Elevane ved skulen verkte som ein gjeng med oppegåande elevar som var interessert i klima og i ruspolitikk, seier Thomsen.

Hans Jacob Huun Thomsen satt i skuledebatt på Volda vidaregåande skule. Der fekk Venstre 19,6 prosent oppslutning og er med det valvinnar på skulen.

Elevane ved skulen og fyrstegongsveljarane Tale Rørvik Lejon, Silvian Ryslett og Andrea Jørgensen meiner skulevalet har gitt dei eit godt inntrykk av kva politikk og val dreier seg om.

– Det har hjelpt litt å få eit innsyn i politikk. Det er ikkje så lett å sjå debattane på TV, så det er fint at vi har skuleval så vi forstår litt, i alle fall når vi skal stemme for fyrste gong, seier Andrea Jørgensen.

F.v.: Tale Rørvik Lejon, Silvian Ryslett og Andrea Jørgensen har stemt i skulevalet, og skal også stemme i stortingsvalet.

Klassekamerat Tale Rørvik Lejon meiner at skulevalet ikkje berre er nyttig for fyrstegongsveljarar, men at det gagnar alle trinn.

– Vi kan jo stemme i år, men det er to yngre trinn som ikkje skal stemme før om i alle fall to år, så da får dei ein smakebit på kva dei skal gjere, fortel ho.

Slått på målstreken

Arbeidarpartiet blei nest størst på alle skulane på Søre Sunnmøre og det største partiet på nasjonalt nivå. Leiar av AUF i Møre og Romsdal, Kristina Mari Roald, er fornøgd med valresultatet, sjølv om ho gjerne skulle vore størst i heimfylket sitt.

– Nasjonalt ligg vi på 23 prosent, og her 21 prosent. Så vi har gjort eit veldig fint val, men Frp slo oss på målstreken.

Leiar i AUF i Møre og Romsdal er klar for siste innspurt før valet sjølv om skulevalet ikkje gjekk som forventa i heimfylket.

Roald mistenker at dei digitale skuledebattane kan vere ein årsak til at Arbeidarpartiet ikkje fekk større oppslutning. Ho seier også at Frp var gode til å stille med lokale debattantar som kjende publikum betre.

– Dei hadde også mye stæsj på valtorg, og det er tydeleg at elevane er gira på gratis ting.

Ungdomspartileiaren seier likevel at dei hadde mange gode møter med elevane og ho trur at det nasjonale resultatet viser at unge er klare for ei endring. Sjølv har ho ikkje mista trua på eit regjeringsskifte, og skal stå på i valinnspurten.

Sjå alle tala frå skulevalet her.

Nærsynet: 7. September var det skolevalg ved Volda Vidaregåande skule. For de eldste elevene som skulle stemme for første gang, var skolevalget en smakebit på hvordan valg-prosessen fungerer.

Powered by Labrador CMS