"Skrålling" er dårleg for skulemiljøet
Derfor vil regjeringa jobba for mobilfrie skular
VOLDA: - Me har ein mobilfri praksis på skulen her.
Det seier Trond Hjelseth, rektor ved Volda vidaregåande skule.
- Det tyder at elevane gjev telefonane frå seg når dei kjem inn i klasserommet, og dei får ikkje lov til å halda på dei med mindre dei får eksplisitt lov av læraren.
Han trur at dette er viktig for elevane sin konsentrasjon og læringsmiljøet ved skulen.
Det er han ikkje åleine om.
I ei pressemelding frå regjeringa seier utdanningsminister Kari Nessa Nordtun at det skjer noko viktig når mobilen leggjast bort: Det blir meir leik, sterkare fellesskap og mindre usunt press.
Utgangspunktet er ein rapport frå NTNU samfunnsforsking der dei analyserte resultata frå elevundersøkinga, og i år hadde dei eit spesielt fokus på mobbing.
«Erfaringene fra caseskolene viser at innføringen av mobilfri praksis oppleves som et av de mest virkningsfulle og konkrete tiltakene for å skape et tryggere skolemiljø.» heitar det i rapporten.
Vidare forteljar dei at ein mobilfri praksis ved skulene har i alle tilfelle ført til meir sosial aktivitet og mindre konfliktar, spesielt på dei lågare skuletrinna.
Men er det nok?
Paul Buvarp ved Forsvarets Forskingsinstitutt trur ikkje at det hjelper å ta frå elevane mobilen på skulen, om dei kan bruka han så mykje dei vil når dei kjem heim.
Derfor seier han at Noreg treng eit nasjonalt forbod mot smarttelefonar for barn.
- Dette er ikkje eit uttrykk for teknologifrykt, men ei erkjenning av at vårt digitale landskap kan undergrave utviklinga til barn, demokratiet og evna til å oppretthalde ei felles offentlegheit. At me står på stupet kan allereie bli merka, skriv han i ein kronikk.
Han ynskjer også å presisera at dette ikkje berre er ein kamp mot dei sosiale media, men også mot sjølve telefonen.
- Eg har spurt meg sjølv om dette, men eg trur båe kampane er viktige å ta.
For han er ikkje problemet med telefonen berre mobbing, dårleg sjølvbilete og innsamling av persondata, men også å skjerme oppveksten frå å heile tida kunne bli tatt bilete av og å heile tida kunne bli ringt eller nådd med sms.
Sjølv om Hjelseth arbeidar med eldre ungdom, er han ikkje negativ til forslaget.
- Dette forslaget gjeld jo fyrst og fremst ungdom på grunnskoletrinna, men eg trur absolutt av barn si bruk av telefonar er skadeleg for konsentrasjonsevna.