RØYSTE: På samfunnshuset i Volda kunne ein røyste til årets val.

Slik dekker Nærnett valet

Nærnett følger årets stortingsval fortløpande. Vi dekker valvaker og rapporterer frå desken.

Publisert Sist oppdatert

VAL: Vi skal følge valet gjennom heile kvelden, fram til resultata er klare. TV- og nettredaksjonane skal rapportere på valet både frå desken, rundt om i Volda og frå valvake i Ålesund. På morgondagens radiosending kjem det òg radioinnhald om valet.

Følg med direkte

Frå klokka 21:05 og utover kjem nettartiklane på løpande band, og fleire av dei vil innehalde direktesende intervju i sjølve saka. Klokka 21 vert det første valresultatet publisert. Desse vert oppdaterte kontinuerleg.

Valvake hos førstegongsrøystarar 

Parallelt med dei første valresultata, vil vi ha reportarar hos ein venninnegjeng som røystar for aller første gong. Dei arrangerar si eiga valvake i Volda. 

I eit tidlegare intervju med Nærnett, fortel jentene at saker som skule, klima, utenriks og skatt kjem høgt på prioriteringslista.  Dei skal bake muffins med fargar som avslører kva slags parti dei stemmer på.

VALANSVARLEG: Sinikka Rønning Dahl er valansvarleg på desken til Nærnett.

Valvake hos Rokken

Studenthuset Rokken skal ha valvake, og sjølvsagt skal journalistane våre vere der for å rapportere om steminga. Nærnett vil vere der når dørene opner klokka 20.

Rokken er open for alle over 18 år.

Intervju med stortingsrepresentantar

I tillegg sender vi fem journalistar til Ålesund for å dekke valvaka på Pir-bygget. Der vil Nærnett møte førstekandidatane i Møre og Romsdal, og få løpande kommentarar frå stortingsrepresentantar.

To av dei fem journalistane vil publisere artiklar jamt utover kvelden. I tillegg har vi eit TV-team på staden, som lagar reportasjar til Nærsynet dagen etter. Dette gjeld òg radioreportasjar, som vert sende dagen etter.

Send oss spørsmål på instagram @nernett 

Powered by Labrador CMS