ADVARER: Knut Øystein Ekroll sier el-sparkesykklar aldri må ladast inne

– Som å helle tre liter bensin i gangen

30 prosent seier dei ladar mobiltelefonen om natta og elleve prosent seier dei ladar elsparkesykkelen inne. – Som å helle tre liter bensin i gangen, seier Knut Øystein Ekroll, leiar for førebyggjande avdeling og branningeniør i Volda.

Publisert Sist oppdatert
DÅRLIG VANE: Her bør el-sparkesykkelen aldri stå

Ein ny rapport frå Frende visar derimot at innbyggjarane i Møre og Romsdal har dei beste ladevanane i landet. Her ladar berre 17 prosent telefonen om natta, opp imot 30 prosent på landsbasis.

Sjølv om mobillading står for relativt lite brann, understrekar Knut Øystein Ekroll at konsekvensane er mykje større enn risikoen:

– Risikoen er nok ikkje veldig stor, men om det først går galt, kan då veldig galt, seier han

Faren knytt til brann i mobiltelefonen er ikkje nødvendigvis at heile huset skal gå i brann, men røyken. Batteri inneheld mykje giftstoff som kan bli livsfarleg om det tek til å brenne.

– Vi brukar å sei at to andedrag kan vere nok til at ein blir bevisstlaus, seier Ekroll.

Ekroll er også tydeleg når det kjem til el-sparkesyklar. Dei burde aldri stå inne når dei ladast, da konsekvensen kan vere katastrofal, seier han.

– Tre kilo med batteri kan seiast å tilsvara rundt tre liter med bensin. Så om du tenker at el-sparkesykkelen tar fyr, så er det som å helle tre liter med bensin i gangen å tenne på, seier Ekroll.

Det har vore fleire brannar relatert til el-sparkesyklar dei siste åra, og fleire av dei har resultert i dødsfall. Ekroll seier det skuldast at folk ladar i byggets utgang, som blir slukt av flammane når sparkesykkelen tar fyr.

Kva burde ein gjere?

En typisk ladar som kan ta fyr

– Det vi anbefaler er at ein ladar på eit anna rom med røykvarslar, på ein hard overflate. Så må ein passe på at døra inn til soverommet er lukka, seier Ekroll

Ladarar av god kvalitet, samt gode batteri er også med på å gjere risikoen mindre. Ladarar som har begynt å få misfarging eller har begynt å gå i oppløysing blir frårådd.

Om batteriet først tar fyr er det ikkje mykje ein kan gjere

– Om batteriet tar fyr får du det vi kallar termisk rusing. Da er det å gjere om å få telefonen ut av huset. Ein kan for eksempel bruke eit brannteppe og pakke den inn, eller legge den inn i ein metallisk container, seier branningeniøren.

Powered by Labrador CMS