STATSBUDSJETT: Regjeringa foreslår 459,2 millionar til Høgskulen.

- Som forventa

- Har ikkje dukka ned i tala endå, men på eit overordna tal, er det som forventa.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Det fortel rektor på Høgskulen i Volda, Odd Helge Mjellem til Nærnett. Regjeringa foreslår å gi 459,2 millionar i driftkostnadar til Høgskulen i Volda. Dette er 9,3 millionar meir enn i fjor.

- Det er ein oppgang i reine kroner, men i reelle inntekter, ein liten nedgang.

Det fortel rektoren.Han peikar på auka lønn og prisvekst. Pengane Høgskulen har fått innvilga er mindre enn oppgangen i kostnadar svarar til. Samtidig fortel han at han ikkje er overraska, med tanke på, utfasing av mdilar til covid-studiuar.

- Vi jobbar med å gå igjennom forslaget og sjå på tala. 

REKTOR: Odd Helge Mjellem er ikkje overraska.

Seinare i dag vil det kome ei pressemelding på Høgskulen sine sider, med offentlege uttalingar om korleis skulen stillar seg til forslaget, fortel rektoren.

Powered by Labrador CMS