KOMPISAR: Evan Dyrhol Aambø (t.h) bur saman med lagkompis og kamerat Daniel Watt Gravdehaug (t.v)

Storskåraren har det klart: – Eg vil rykke opp med Volda

Evan Dyrhol Aambø (23) fortel om ambisjonane som fotballspelar, om trivselen i Volda og livet som toppskårar. Han gler seg også til toppkampen i helga.

Publisert

VOLDA: Evan Aambø har skåra mål så lenge han kan hugse.

Etter han kom til Volda for to år sidan har måla runne inn.

I skrivande stund er han toppskårar i Voldas avdeling i 3. Divisjon med 14 mål på 18 kampar.

– Har du alltid vore ein målskårar?

– Ja, det vil eg seie. Eg har vore spiss og skåra mål sidan eg var liten. Det gir deg ein slags rus å dunke ballen i nettet, fortel han.

Som liten gut hadde Aambø eit førebilete.

– Eg har blitt fortalt at eg hylgrein då Cristiano Ronaldo forlet Manchester United i 2009. Då var eg seks år. Han er ein spelar som eg har sett mykje på og prøvd å etterlikne. Alle har vel prøvd å ta eit Ronaldo-frispark, flirer han.

– Eg er god på å takle det

Aambø skildrar seg sjølv som ein rask spiss med god fysikk.

– På trening likar eg å øve på avslutningar, både med beina og hovudet. Headingar veit eg at eg kan bli betre på.

Han meiner at den mentale delen av fotballivet er svært viktig.

I fotballen gjeld det å tenkje på neste kamp, og leggje det som har skjedd bak seg.

GOD MENTALT: Evan Dyrhol Aambø fortel at han er god på å takle måltørke, sjølv om han stort sett skårar.

På spørsmål om han kjenner på presset for å skåre mål, er svaret tydeleg.

– Nei, ikkje eigentleg. Eg har vorte god på å takle måltørke. Men eg blir sjølvsagt irritert viss eg ikkje får det til. Det viktigaste for meg er å hjelpe laget, understrekar han.

Han er svært tydeleg på at han tenkjer mykje på kva han kan gjere for å bli betre på for å takle motgang.

– Viss eg går lenger tid utan mål så kan eg ikkje byrje å tenkje på kvifor eg ikkje skårar. Det er det verste du kan gjere. Eg trur eg har blitt betre på å omstille meg med åra.

Blei reaksjonar

Aambø har gjennom heile karrieren spelt fotball på Sunnmøre.

Som born spelte han for Åmdal, før han som tenåring gjekk til Ørsta. Som 21-åring tok han turen til Volda, noko som skapte reaksjonar.

– Ein gjer seg ikkje populær når ein signerer for Volda etter mange år i Ørsta. Det var nokre reaksjonar i lokalavisa, men eg trur dei fleste skjønte at det var det beste valet for meg.

– Kva tenkjer du om at folk får slike sterke meiningar om dette?

– Eg visste at det ville verte nokon reaksjonar. Folk får seie kva dei vil. Eg er framleis veldig glad i Ørsta. Men eg har aldri angra på valet mitt, understrekar han.

– Var ikkje heilt der eg ville vere

Det kjem tydeleg fram at spydspissen er heimekjær.

For nokre år sidan flytta han til Bergen for å studere. Men å finne ein ny klubb i Bergen var ikkje eit alternativ.

– Då eg budde i Bergen pendla eg til Ørsta for å spele kampar. Ørsta hadde ein spennande sesong som eg hadde lyst å få med meg, forklarer Aambø.

STORTRIVST: Evan Dyrhol Aambø trivst svært godt i Volda.

Men karrieren så langt har ikkje berre vore oppturar.

I 2022 hadde Aambø ein sterk vårsesong for Ørsta i 4. divisjon.

På hausten signerte han for Spjelkavik i 3. divisjon.

– Eg ville prøve meg på eit litt høgare nivå. Då pendla eg frå Åmdalen til Vika fire-fem gonger i veka. I lengda vart det litt tungt.

Ruta frå heimbygda til Spjelkavik tek i overkant av ein time kvar veg, viss ein treffer på fergene.

Det var ikkje enkelt å sosialisere seg med dei nye lagkameratane på grunn av reisevegen.

– Ein kjem ikkje like godt inn i spelargruppa når ein må kjappe seg for å rekke ei ferge etter trening, forklarer han

Han innrømmer at den fysiske forma heller ikkje var heilt på plass då han spelte i Spjelkavik.

– Eg var ikkje heilt der eg ynskte å vere fysisk. Dei spelte ein annan fotball enn eg var vande med. I tillegg til pendlinga var det mykje av grunnen til at eg drog tilbake til Ørsta.

– Blir anten oss eller dei

Laurdag barkar Volda og Strindheim saman til toppoppgjer i 3. divisjon.

Volda leiar serien med tre poeng framføre trønderane.

Aambø legg ikkje skjul på at han gler seg til storkampen.

– Det er slike kampar vi lever for å spele. Vi har sett fram til å møte Strindheim i lang tid no.

Han håpar mange kjem på kampen.

PÅ LØPANDE BAND: Evan Dyrhol Aambø er blitt Voldas storskårar. No gler han seg til toppkampen på laurdag.

– Dette kan bli publikumsrekord, i alle fall for denne sesongen. Vi synest det er utruleg kjekt å vere i denne posisjonen på tabellen og kunne spele ein slik toppkamp.

– Blir dykk seriemeistrar viss det endar med siger på laurdag?

– Det tør eg ikkje seie, men eg ser føre meg at det blir anten oss eller Strindheim som blir meistrar til slutt, seier Aambø.

Skulle Volda vinne kampen ligg dei seks poeng framføre andreplassen med seks attverande kampar å spele.

– Han kan bli så god som han vil

Arild Hagen Bakke er trenar for Voldas herrelag, og er full av lovord om spissen sin.

– Evan er ein kraftpakke av ein spiss. Han er sterk, rask og er ein meget farleg bakromstrussel.

Då Hagen Bakke henta Aambø frå Ørsta, visste han kva han fekk.

KRAFTPLUGG: Trenar Arild Hagen Bakke skildrar Aambø som ein kraftpakke. Bilete er frå ein kamp mot Herd tidlegare i år.

– Han har alltid vore ein notorisk målskårar. Då han var ny her, såg vi eit stort forbetringspotensiale teknisk. Der har han tatt store steg, påpeiker Hagen Bakke.

– Kor god kan Evan Aambø bli?

– Det er heilt opp til han sjølv. Den fysiske pakka tek han langt. Han har absolutt potensiale til å spele på eit høgare nivå viss han jobbar hardt.

Har fleire ambisjonar

Avslutningsvis fortel Aambø at han har to klare ambisjonar som fotballspelar.

– Akkurat her og no er målet å rykke opp med Volda og spele i 2. divisjon neste år. I tillegg har eg ein ambisjon om å ende opp på 20 mål i seriespelet og verte toppskårar i avdelinga. Eg ser ingen grunn til at det ikkje skal kunne gå.

Han har allereie skåra fleire seriemål enn han gjorde i fjor. Det tyder på at utviklinga går i rett retning.

– I fjor sleit eg litt med ein skade på våren og kom ikkje heilt i rytmen. Men eg hadde ein god haustsesong og enda på tolv mål.

Det langsiktige målet hans er å bli så god som mogleg.

– Eg veit at viss eg skårar mange mål, så vil det alltid vere klubbar på eit høgare nivå som følgjer med. Det har eg i bakhovudet, men akkurat no har eg retta alt fokus inn mot serieavslutninga, påpeiker Aambø.

Powered by Labrador CMS