Styringsrenta har blitt senka
I dag sette Noregs Bank ned styringsrenta frå 4,25 prosent til 4 prosent. Men kva betyr eigentleg dette for den jamne bankkunde?
SØRE SUNNMØRE: Eirik Marius Folgerø, som er banksjef ved Sparebanken Møre i Ørsta, er glad for rentekuttet. Han seier at det er positivt for kundane deira.
– Eg skal ikkje seie at eg er overraska over dette rentekuttet. Økonomane har jo vore litt fifty-fifty på det. Men vi er positive til at det blei eit rentekutt.
Positivt for folket
For folket på søre Sunnmøre betyr dette meir å rutte med, seier Folgerø. Det er også veldig bra for den yngre generasjonen som skal inn på bustadsmarknaden.
– No har renta gått ned 0,25 prosentpoeng to gonger, noko som gjer at vi kanskje kan få enda fleire unge og håpefulle inn på marknaden, fortel han.
Sparebanken Møre set ned rentene på bustadslån og innskudd med inntil 0,25 prosentpoeng. Dei nye rentene trer i kraft frå 23. november for eksisterande kunder. For nye innskudds- og bustadslånskunder gjeld dei frå 19. september. Det skriv Sparebanken Møre på nettsidene sine.
Trur kutta vil ha ein positiv psykologisk effekt
Torine Hildre Osnes jobbar som eigendomsmeglar hos Notar Volda. Ho trur endringa kjem til å ha ein bra effekt på bustadsmarknaden, og at den kjem til å ha ein positiv psykologisk effekt for framtidige bustadskjøparar.
– Rentekutt fører til optimisme i bustadsmarknaden, og vil generelt kunne føre til auke i bustadsprisane.
Samstundes er ho usikker på om folk eigentleg er fornøgde med det nye rentenivået.
– Det har vore spådd fleire rentekutt som ikkje har hendt. Eg trur ikkje at folk eigentleg er fornøgde, men at det likevel hjelper at renta no er nærare det nivået som tidlegare har vore lova, avsluttar Osnes.