SUNNMØRSVENAR: Frå venstre: Janina Kronberger, Annar Follesø, Antoaneta Emanuilova og Nora Taksdal. Dei har alle spelt under Sunnmøre Kammermusikkfestival før.

Sunnmøre Kammermusikkfestival i full sving

— Kulturopplevingar kan bidra til å leggje til rette for eit opplyst samfunn, meiner bratsjist Nora Taksdal.

Publisert Sist oppdatert

— Er det noko vi treng i desse dagar, er det å sjå store samanhengar. Å sitja saman med andre folk, og oppleve det same - utan mobil og skjermtid, seier ho.

Det var fullt hus på Tredet i Volda da Sunnmøre Kammermusikkfestival arrangerte kafékonsert onsdag. Her kunne eit lydhøyrt publikum oppleve musikk av Mozart, Haydn og Beethoven framført av strykekvartetten Janina Kronberger (fiolin), Nora Taksdal (bratsj), Antoaneta Emanuilova (cello) og Annar Follesø (fiolin). 

Musikarane kom til Volda sundag, og har brukt dagane på å øve og spele saman fram mot konsertane dei skal ha utover veka. I løpet av veka skal dei spele konsertar mellom anna på Skår, på Hareid og i Herøy. 

— Det er viktig å få musikk som dette ut til heile landet, og å gjere terskelen lågare for at folk skal få oppleve den, meiner musikarane. 

Kronberger, Taksdal og Follesø er alle fast tilsette musikarar ved Kringkastingsorkestret, og er dermed vande med å reise landet rundt med musikken. Taksdal meiner at tilgang til kulturopplevingar kan ha ein demokratisk effekt.

— Kulturopplevingar kan bidra til å leggje til rette for eit opplyst samfunn.

GODT OPPMØTE: Mange møtte opp på kafékonsert på Tredet onsdag.

Gode besøkartal

— Det viktigaste for oss er at folk kjem på festivalen, fortel styreleiar i Sunnmøre Kammermusikkfestival, Gunnar Strøm. 

Han kan fortelje at dei sleit med besøkartal i fjor, og at dette er noko festivalen har jobba for å forbetre til i år.

— Det kan verke som at det har site litt att hjå folk etter korona. Mange sit kanskje heime og ser på TV, og har ikkje fått att vanen med å reise ut og oppleve kultur - og attpåtil betale for det. Mange kulturaktørar har slite med dette dei siste åra, seier han.

Tala har imidlertid teke seg opp i år, med mange besøkande på fleire arrangement.

— Vi har frista med mange gode tilbod, smiler Strøm.

STYRELEIAR: Gunnar Strøm er styreleiar i Sunnmøre Kammermusikkfestival.
Powered by Labrador CMS