Tabelltips Toppserien
Nærnett spår korleis Toppserien 2026 vil ende.
12. Bodø/Glimt
Nordlendingane slit med å overføre suksessen frå herrelaget til kvinnene, og har ikkje klart å etablere seg i toppserien. Kanskje er det på tide med større satsing på kvinnefotballen, som følgje av herrelaget sine prestasjonar? Bodø/Glimt rykker ned.
11. Aafk
Både damelaget og herrelaget til Aalesund er nyopprykka til øvste nivå, og har slått saman klubbane Aafk og Aafk Fortuna til ein klubb. Det hjelper lite, for det vil bli ei tøff oppgåve for Aafk å fornye kontrakta i toppserien. Aafk rykker ned.
10. Røa
Kvinnene frå Røa var heldige med å unngå nedrykk i forrige sesong. I år er det inga kjære mor. Med mindre Toppserien vert utvida endå meir i år, er vegen ned kort for Røa. Røa må ut i playoff.
9. Molde
Molde er kanskje nyopprykka til toppserien, men har absolutt moglegheita og kapasitet til å overraske motstandarane. Klarer dei å halde nivået sesongen ut, kan det fort føre til eit år til med toppserien på Aker stadion. Molde beheld plassen i Toppserien.
8. Haugesund
Haugesund går inn i sesongen med mål om å etablere seg. Noko vi trur dei vil greie. Haugesund har berre hatt eit damelag sidan 2021, noko som vil seie at dei har tatt store steg dei siste åra. Haugesund beheld plassen i Toppserien.
7. Hønefoss
Hønefoss klarte ein imponerande 6. plass i debutsessongen i toppserien. Den prestasjonen blir vanskeleg å følgje opp, men klubben har vist at dei har nivået til å spele i toppserien. Hønefoss hamnar på ein 7. plass.
6. Lyn
Lyn har dei siste åra vore ein etablert klubb på øverste nivå. Likevel greier dei ikkje å kome heit opp å kjempe om medaljeplass. Dei kan slå kven som helst, men greier likevel å rote vekk poeng i kampar dei burde kontrollere. Vi trur dei truleg hamnar midt på tabellen, der dei ofte har ein tendens til å hamne. Lyn hamnar på ein 6. plass.
5. Stabæk
Stabæk har levert fleire gode sesongar i norsk toppfotball, men slit med å halde følgje med toppen. Det vert ikkje lettare i år. 5. plassen er dei godt kjend med i Stabæk, og kan i år klare 4 år på rad. Stabæk hamnar på ein 5. plass.
4. Rosenborg
Trønderane har ein variert tropp med store aldersforskjellar, og er avhengig av at dei unge tek ansvar frå start. Dei svart og- kvitkledde får tøff kamp om topp 3, og må verkeleg levere skal det bli medalje ved sesongslutt. Rosenborg hamnar på ein 4. plass.
3. LSK
Kanarikvinnene har fast plass blant topp 4, og fleire signeringar gjer at dei har gode moglegheitar til å hevde seg blant dei aller beste. Vertfall om dei har fått kontroll på busituasjonen til nysigneringa Mimmi Nurmela. LSK stikker av med 3. plassen.
2. Vålerenga
Etter å ha vore to poeng ifrå sluttspel i Champions League skulle noko dårlegare enn 2. plass for Vålerenga vere ein nedtur. Dei har også spelarane til å ikkje kunne godta noko mindre. Også Vålerenga har mista ein stor profil, Olaug Tvedten. Det vert sølv på Vålerenga.
1. Brann
Å ha dei på noko anna enn første plass ville vore useriøst. Det største spørsmålet er eigentleg ikkje om Brann vinn ligaen, men kor overlegne dei kjem til å vere. Laget vil nok merke fråværet til Signe Gaupset som har gått til Tottenham. Likevel har Brann vist at dei er meir enn enkeltspelarar. Brann hamnar øverst og får ein fortjent 1. plass.
Kåringar:
Toppscorar: Anna Aahjem (Brann)
Årets unge spelar: Karna Sæther Sødahl (Rosenborg)
Årets keeper: Rugile Rulyte (Rosenborg)
Årets trenar: Ole Petter Pedersen Bremstein (FK Haugesund)
Årets gjennombrot: Karina Svandal (Haugesund)