Therese Falk tek europeisk rekord i 24 timersløp

Therese Falk lurer seg sjølv til siger

Trass i kroppen full med støle musklar, friksjonssår og blemmer sprang ultraløparen Therese Falk (46) frå Hareid ei distanse på 261,170 kilometer i løpet av eit døgn. I helga sette ho dermed personleg, norsk, nordisk og europeisk rekord i 24 timersløp. Men kva ligg bak dei prestisjefulle prestasjonane til Falk?

Publisert Sist oppdatert

Therese Falk har ein aktiv kvardag og allereie halv sju startar dagen hennar. Framfor å setje seg på ein buss for å komme seg på jobb, blir den allereie påsmurde frukosten og lunsjen stappa ned i løpesekken. Like etter dette er Falk ute av døra med Whitney Houston på øyra og er klar til å springe på jobb.

- Eg spring veldig mykje løp. Du har ikkje testløp av 24 timersløp , men eg spring veldig mange maratonløp og ultraløp i løpet av eit år, men kortare typar. Alle slike løp er god trening for å orke å halde ut. Når eg har ferie kan eg jogge maratondistanser fleire dagar på rad fordi det har eg tid til då. Eg joggar til jobb og heim igjen stort sett kvar dag. So det handlar mest om kontinuitet over lang tid.

Therese trenar omlag fem til seks dagar i veka. Treningsmengda kan variere frå periode til periode. Ho opplyser også at ho ikkje har særleg struktur eller plan for treninga, men ho prøver å legge opp treningsøktene slik at det passar inn i livet hennar.

Parallelt med riktig trening er det viktig å få i seg nok og riktig næring, særleg i forkant av eit løp som varer i eit døgn. Her har Therese Falk klare prioriteringar trass i at ho er veldig glad i snop.

Elskar snop, men må passe seg

- Vanlegvis prøver eg å kutte ut godteri iallfall ein månad i forkant, men eg slit litt med det. Eg er ekstremt glad i smågodt. Og så prøver eg å få i meg nok fisk. I tillegg spis eg makrell i tomat, avokado og masse nøtter. Eg må få i meg nok kaloriar, men det må vere mest mogleg sunt.

Ultraløparar sett ikkje berre den fysiske forma på prøve, men også psyken. Falk legg vekt på at di lengre distansen er, di meir spelar det mentale inn.

- Eg er veldig god på å lure meg sjølv. Når det er på det aller tøffaste blir eg kvalm. Sei at du er i time 16 eller 17 . Då synes eg det er grusomt. Då tenke eg ofte at eg skal berre holde ut for eksempel ti rundar til så skal eg få lov til å ete ein bit med vassmelon eller gå på do.

- Eg er eigentleg ikkje ein idrettsperson

Sjølv om Falk har oppnådd store resultat, ser ho ikkje på seg sjølv som ein idrettsutøvar. Ho gjer det klart at det er den mentale delen av sporten som fasinerer ho. Dette har vært ein faktor for at interessa for ultraløp blomstra hos Therese.

Prisutdeling etter gjennomført løp.

- Eg har ikkje alltid drive med idrett. Eg er eigentleg ikkje ein idrettsperson. Eg har aldri sett på meg sjølv som ein idrettsutøvar. Eg gjer det eigentleg ikkje fortsatt. Det er berre at eg var god på det. Eg prøvde og eg synes at det er noko fasinerande med å kunne utfordre seg sjølv til det heilt ekstreme. Det handlar ikkje om å vere best til å springe fort. Det er ikkje dei som starta raskast som vinne. Du skal berre takle å stå i det og då handlar det om noko meir enn ein fysisk idrettsprestasjon. Det er på ein måte den mentale styrken. Det fasinera meg og så er eg tidvis god på det, seier ho.

Badar heile året

Ultraløp er ein tidkrevjande sport. Det går mange timar til trening, men dette ser ikkje ut til å ha kome i vegen for Falk til å kombinere arbeidsliv, idrettskarriere, det sosiale livet og andre interesser. Då kan ein stille seg dette spørsmålet: kva gjer Therese Falk når ho ikkje tek gull og sett nye rekordar?

- Eg er på jobb heile dagen og så joggar eg heim igjen. Så er eg med vennar og eg har eit rikt sosialt liv. Då tek eg anten badstue eller spis i lag med vennar eller har besøk.

Therese bur i Oslo og er lærar ved ein ungdomskule der. Utanfor idretten sin verden, driv ho med heilårsbading.

- Eg badar heile året, so eg tek badstu. Eg er medlem av Oslo Badstueforening, så eg tek badstu og bada i sjøen fleire gongar i veka om morgonen før eg går på jobb.

- Legg lista der nivået ditt er

Ultraløp verkar uoverkommeleg for mange. For dei som tenker slik har Therese Falk eit tips.

- Du må berre byrje ein plass. Du kan ikkje tenke at du skal springe like fort eller like langt som dei du ser opp til. Du må berre komme deg ut ta deg ein liten tur. Gjer det tre gangar i veka.

Vidare åtvarar ultraløparen om å starte for hardt og tilrår å jobbe med å gjere jogging til ein god vane.

- Det skal vere slik at du har lyst til å ta neste tur og gjer det til ein vane. Dersom du byrjar for hardt kan det vere vanskeleg å motivere seg sjølv til å ta neste tur. Legg lista der nivået ditt er og så bygg deg opp der i frå. Når du har innarbeida deg ein god vane er det lettare å presse seg sjølv litt lenger.

Powered by Labrador CMS