Tilssynssak mot lege etter dødsfall

Statsforvaltaren har opna tilsynssak mot ein lege i samband med at ein mann vart funnen avmargra og død i Ørsta.

Publisert Sist oppdatert

Dette melder Sunnmørsposten.

I romjula 2021 vart ein mann funnen død i heimen sin i Ørsta. Familien har tidlegare uttalt seg i NRK om at dei var kritiske til hjelpa den avdøde fekk. Frå før av har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal opna tilsyn mot Ørsta kommune.

Tilsynet er opna mot legen som på eit tidspunkt hadde mannen som pasient, og vurderte han som samtykkekompetent.

Statsforvalteren meiner legen sine vurderingar er sentrale i saka. Sidan han ikkje lenger er tilsett i Ørsta kommune. og at kommunen ikkje har vore i kontakt med vedkomande, ser Statsforvalteren behov for å starte eit individuelt tilsyn mot legen.


Powered by Labrador CMS