
Topp Trening skiftar namn
Treningsstudioet Topp Trening i Ørsta blir til Family Sports Club – som også har et treningssenter i Volda.
ØRSTA: – Vi ser store moglegheiter i å bytte «omslag», seier Christer Eikrem som tok over leiinga av senteret 22. januar 2022.
Det er inntil vidare usikkert kva moglegheiter det er snakk om, men at senterleiinga er nøgd er det liten tvil om.

– Det blei bestemt forrige veke, og vi ser fram til å kunne få byte namnet på framsida av huset her, seier Eikrem.
Betra totaltilbud
Topp trening i Ørsta er eit såkalla franchise, som vil seie at dei styrer seg sjølve.
– Men namnet blir Family Sports Club, poengterer Eikrem.
Det "nye" treningssenteret i Ørsta vil samarbeide med det eksisterande senteret i nabobygda, og Høgskulen i Volda.
– Det blir eit samarbeid med PT-utdanninga ved høgskulen, og med Family Sports Club i Volda. Det vil bli enklare å utveksle folk mellom her og der. På sett og vis blir det «same shit, new wrapping», seier Christer Eikrem.
Tilhaldsstaden for Topp trening blir den same, og dei tilsette blir dei same, fortel senterleiaren.