Tradisjonsberarane
Få firma i Noreg spesialiserer seg på tradisjonelt handverk. Likevel finst det ei knippe menneske som held tradisjonane og dei gamle bygga i live.
GEIRANGER: Det er ein frisk høstmorgon i september, og sola sprekk gjennom tåka som ligg lett over Geirangerfjella.
Den behagelege lyden av hammarslag og ivrige arbeidsnevar stig fram og set sitt preg på Møllstunet.
Den siste tida har det vore stor aktivitet på klyngetunet som ligg øvst i Ørnesvingane.
Ei av dei gamle bygningane, ei røykstove, er nemlig under totalrenovering.
Arbeidet blir utført av selskapet Byggtrad, som består av ein liten og ivrig gjeng med stor interesse for tradisjonshandverk.
No er mykje av laftinga gjort, men det står framleis ein del arbeid att.
Daglig leiar i Byggtrad, Kåre Løvoll kjem til tunet og inspiserer arbeidet som er blitt gjort så langt.
Med eit glimt i auget kjem han med eit par merknadar. Det verkar som alt er som det skal.
Løvoll er ikkje likegyldig til arbeidet han driv med. Tvert om brenn han for snikkarkunsten, og nettopp det kjem tydelig fram når han snakkar om jobben dei gjer:
- Ein forstår meir korleis dei gjorde ting og korleis dei levde før når ein driv på med dette. Så er me jo kanskje litt på kollisjonskurs med naturen, så det er ekstra interessant å sjå korleis dei klarte seg før, fortel Løvoll
Ein av arbeidarane, Ask Velve Synnevåg, legg saga frå seg og set seg omsider ned for ein liten prat.
Han har vore prosjektleiar for restaureringa av røykstova.
- Det har vore utfordrande. Me har vore nøydd til å ta heile bygget frå kvarandre. Så har me reparert nesten alt av materiale på lageret vårt i vinter, før me no byggjer det opp att. Det er eit omfattande og tidkrevjande prosjekt, fortel Ask.
Arbeidet har likevel vore svært gjevande for snikkaren frå Volda:
- Ein lærer mykje og får kloke nevar. Eg hugsar godt når eg plutseleg forstod at eg faktisk skjønte kva eg dreiv med, ler prosjektleiaren Ask.
Frå vanleg tømrar til tradisjonshandverkar
For Ask har arbeidet med gamle bygg blitt meir enn berre ein jobb.
Han starta tømrar-karriera si som vanleg tømrar, men ein telefon frå onkelen Kåre skulle endre retninga.
- Onkelen min, Kåre, ringde meg og spurde om eg hadde lyst til å vere med på noko reparasjon av eldre hus, og eg sa ja.
Etter kvart som han fekk meir erfaring, blei det klart for Ask at han hadde funne noko han trivst med.
- Etter at eg har arbeidd med dette ei stund, kunne eg ikkje tenkje meg å gå tilbake til å vere vanleg tømrar.
Han ler kort og utdjupar:
- Ein får djup forståing for snekring når ein arbeidar med tradisjonshandverk. Ein er med å ta vare på noko som har betydd noko for andre før, samtidig som ein får vere kreativ, fortel prosjektleiaren.
Det nyaste tilskotet
Nilas Tilo Mikkelsen er den ferskaste av snikkaren i gjengen.
Tromsøværingen skulle eigentleg bli geolog, men har sett studiet på pause for å kunne ta fatt på ein meir praktisk tilnærming til arbeidslivet.
- Eg er heldig. Eigentleg er eg ein lausarbeidar, så at eg har fått jobbe her, er heilt supermagisk, fortel han.
Han set stor pris på arbeidsmiljøet og menneska han får jobbe saman med.
- Det er så inspirerande å få arbeide med folk som er interesserte og dyktige på det dei arbeider med. Då blir ein inspirert.
Givande arbeid
For ukrainske Mykhailo Hryhorak har det vore givande å få arbeide med treverk og kulturminne. Han har erfaring med møbelsnekring frå tida han budde i Ukraina.
- Eg likar å arbeide med tre. Metall er hardt og kaldt, mendan tre er meir naturleg og mjukt for meg å arbeide med.
Mykhailo har arbeidd i Byggtrad i to år, og trekkjer fram kollegaene som ein viktig del av trivselen.
- Alle har teke meg så godt imot. Kollegaene mine har hjelpt meg og mellom anna lært meg nye teknikkar, fortel Mykhailo.
Som eit kollektiv
Når gjengen reiser bort for å jobbe, bur dei også saman. Dei lagar mat, jobbar og held nesten all tid saman.
- Eg brukar meir tid saman med kollegaene mine enn nokon andre. Då får ein tette band, fortel Nilas.
- Kåre driv firmaet veldig ope. Me får på ein måte eit veldig personleg forhold. Han deler alt med oss, me er inkludert i firmaet. Det blir nesten som eit kollektiv smiler Ask.
For Kåre er det sosiale limet alfa og omega for å byggje ei sterk bedrift.
- Ein treng dyktige folk, men det er ikkje berre det som er viktig. Ein treng også sosialt lim. Viss ein finn både dyktige og hyggelege menneske, er ein heldig. Og det har eg, smiler sjefen.
Ikkje kvar dag er like idyllisk
Sola bryt stadig meir gjennom, og tåka har letta heilt.
Arbeidarane kan nyte utsikta, men sjølv når arbeidsplassen ligg i spektakulære omgjevnader, betyr ikkje det at arbeidsdagane er utan utfordringar.
Mykhailo fortel at det til tider kan vere tungt når vêret slår om.
- Det er nesten alltid hyggeleg å arbeide, men av og til blir det tyngre når det regner mykje, seier den ivrige handverkaren.
For gjengen er humøret viktig når arbeidsdagen blir lang og veret surt.
- Når ein har det kjipt, hjelper det å gå til ein positiv kollega og tulle litt med. Eg likar godt at me kan tulle med kvarandre og vere positive, seier Mykhailo.
Nilas trekkjer fram Mykhailo som ein viktig humørspreiar.
- Det hjelp å ha kollegaer som Mykhailo. Han har alltid ein god vits på lur som løftar humøret, ler Nilas.
Ei framtid innan tradisjonshandverk
Både Mykhailo og Nilas ønskjer å halde fram med denne typen arbeid i lang tid.
- Dette er drømmejobben. Ein får vere mykje ute, og tida går så fort, forklarar Mykhailo.
Nilas ser også for seg ei framtid innan tradisjonshandverk.
- Eg drøymer jo om å kunne arbeide med dette lenge, fortel Nilas.
På Møllstunet handlar arbeidet dermed om meir enn å setje ein gammal bygning i stand. For gjengen handlar det om å lære gamle teknikkar, ta vare på historia og føre kunnskapen vidare.
Og medan dei gamle tømmerveggane sakte får nytt liv, får også ein ny generasjon handverkarar tid til å lære seg kunsten å ta vare på dei.