TRAKTORMILJØ: – Rånemiljøet er større her i Ørsta enn Volda. Det skuldast kanskje at det er fleire studentar i Volda, seier Leon Jøsok (t.v) på traktoren Emil Aakre Bjørkedal (t.h).

– Traktor er Ørsta

For fleire 16-åringar i Ørsta er traktoren eit fast framkomstmiddel til skulen. Emil Aakre Bjørkedal og Leon Jøsok er blant dei som vel traktoren framfor andre alternativ.

Publisert Sist oppdatert

ØRSTA: Emil Aakre Bjørkedal (16) kunne enkelt ha teke mopedbilen til skulen. I staden vel han ofte traktoren som framkomstmiddel når han køyrer frå Bjørkedal til Ørsta kvar morgon.

– Traktoren min er frå familiegarden min på Bjørkedal, så den blir brukt både til skulen og til gardsdrift, seier han.

I traktoren sit han med klassekamerat og kompis Brian Winjevoll Sætre (16). Han meiner traktoren er ein del av identiteten i Ørsta.

– Traktor er Ørsta. Det har alltid vore eit miljø for å kunne køyre slike køyretøy til skulen, seier Brian.

Ørsta = dominanse

Det er tydeleg at rånemiljøet står sentralt i Ørsta, og også dei små detaljane blir brukte for å vise tilhøyrsle.

Kvifor heng det så mange Wunderbaums i traktoren?

– Då markerer du at du er frå Ørsta, seier Brian.

For dei to kompisane er det å vere ørsting også synonymt med dominanse.

TRAKTORLAPPEN: Dei tok førerkort klasse T då dei fylte 16 år, og Emil Aakre Bjørkedal har kunne køyre traktor til skulen sidan 16.april.

Tatt med traktoren frå Vanylven

Leon Jøsok (16) køyrer også traktor til skulen. Han kjem opphavleg frå Vanylven, men har tatt med seg traktoren til Ørsta. Der bur han på hybel medan han går teknologi- og industrifag ved Ørsta Vgs.

– Eg er oppvaksen med traktor, så difor liker eg godt å køyre det.

STØY: Traktorane bråkar vesentleg meir enn ein vanleg bil. – Ingen har klaga på støyet, då er det nok meir musikken frå anlegget, seier Leon Jøsok.

Traktoren går ikkje meir enn 30 km/t. Somme gonger køyrer Leon frå Vanylven til Ørsta, ein tur som tek han om lag 2,5 time.

Den lange køyreturen ser likevel ikkje ut til å vere noko problem, skal vi tru kompisen Leander Tangen (16).

– Eg trur Leon kosar seg når han køyrer over fjellet, så går det seint og roleg!

Leander køyrer sjølv UTV til skulen, men meiner traktoren er eit koseleg framkomstmiddel.

Men traktorlivet har ein utløpsdato. Når Emil og Leon fyller 18 år, er dei einige om kva som står for tur.

– Då blir det bil til skulen, seier dei beggje.

Powered by Labrador CMS