LÅGTERSKEL: Løypa er godt tilrettelagd

Trimbingo på Folkestad

Laurdag 21. februar arrangerar Folkestad Idrettslag trimbingo.

Publisert

FOLKESTAD: Alt ligg til rette for ei fin helg på Folkestad. Siste helga i vinterferien kan tilbringast i Folkestad sine fine omgjevelsar i triveleg selskap.

Trimbingo

Trimbingo er ein kombinasjon av fysisk aktivitet og bingo. Eit mål blant mange arrangørar er å motivere folk til å kome seg ut å bevege på kroppen, gjerne i eit sosialt fellesskap.

Arrangementet er så fleksibelt at du sjølv kan velje når du vil kome mellom klokka 12.00 og 16.00.

Om du har premiar å hente må dette gjerast seinast klokka 16.00.

Det vert postar langs trimløype frå Folkestad barnehage og ut gamlevegen mot Krumsvika (Vika). Totalt er det omlag 15 postar.

 Alle skal kunne delta

FOLKESTAD: Arrangementet er ope for alle, men sidan dette er første gang vert det vanskeleg å seie kor mange som kjem, fortel Folkestad

Ein av drivmotorane bak arrangementet er Berit Eline Folkestad. Ho er spent på kva laurdagen vil bringe.

Dette er første gangen dette vert arrangert her, men Folkestad håpar at dei framover vil kunne arrangere dette fleire gangar årleg.

Ein bingobong kostar 30 kr og ein vel sjølv kor mange ein vil kjøpe, då dei ikkje vil at økonomien skal ekskludere nokon frå å delta.

Løypa er 4 km med flat veg. Folkestad idrettslag vil gjerne at alle skal kunne delta så løyra er tilrettelagd for både barnevogn og rullestol.

Ein kan også velje ei alternativ kort rundløype på ca. 1,5 km. I tillegg vert det ei eiga turløype for born.

Målet er at så mange som mogleg tek turen på laurdag, både bygdefolket på Folkestad og tilreisande frå Volda eller andre stadar.

– Håpet er å motivere folk til å gå ein tur, og at det kanskje vert litt meir spanande når ein har postar å sjå etter, seier Folkestad.

Powered by Labrador CMS