
Ulstein har flest utbetalingar av økonomisk sosialhjelp
Talet på utbetalinger har auka på heile søre Sunnmøre.
ULSTEIN: Torsdag kom det ny statistikk frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Den viste at talet på sosialhjelputbetalingar har auka med 9% i 2024 samanlikna med året før.
– Frå og med 2022 ser vi at talet på mottakarar og utbetalingar auka betydeleg. Dette kan forklarast best av flyktningsituasjonen og prisvekst i økonomien, skriver SSB.
Talet på sosialhjelputbetalingar varier mykje frå år til år. Til dømes var det i Hareid 149 tilfeller i 2024, mens det var høvevis 78 og 179 dei to åra før.
Kommunen med flest utbetalingar på søre Sunnmøre er Ulstein. Der har det vore 334 sosialtilfelle i 2024.
– Det er ikkje så dramatisk som ein skulle tru, og det er ei forventa auking, fortel ordførar i Ulstein kommune, Stian Scheine.
– Vi har tatt imot mange flyktningar siste åra. Til det følgjer også midlar som skal dekke denne auka, utdjupar han.