Linn Therese Sævik har tatt med døtrene Live (14) og Magda (12) på coasteering, leda av marinebiolog Ørjan Vabø.

Undervurdert aktivitet: - Dette må alle oppleve

Under helgas Sjønær festival på Runde fekk fleire prøve seg på coasteering, ein aktivitet som har gått under radaren for mange, inkludert listetopp Linn Therese Sævik.

Publisert

RUNDE: Polstra med tjukt våtdraktmaterial over heile kroppen og toppa med gule hjelmar, beveg eit lite følgje seg ned mot fjøra der sola glitrar i sjøen. 

— Eg har aldri prøvd dette før, men eg er jo litt spent då eg har både vasskrekk og ikkje likar adrenalin, ler Linn Therese Sævik, førstekandidat på Kristelig Folkeparti (KrF) si liste i Herøy. 

Linn Therese Sævik utfordra seg sjølv med å hoppe i havet.

Coasteering liknar på juving, berre at det foregår i fjøra forklarar guide og marinebiolog Ørjan Vabø. 

Det er ein kombinasjon av klyving, symjing og klippehopping ved kysten, og blir tilrettelagt etter deltakaranes ønskje og nivå. 

— Dette må alle oppleve, seier Sævik entusiastisk idet ho går ut i vatnet. 

Alle tre Sævik får føle på havets kreftar.

Bruke og ta vare på havet 

— Ein må lære om havet for å ha insentiv til å beskytte det, seier Vabø, som også krydrar aktiviteten med sin kunnskap om havet og livet der. 

Marko Polter er svært nøgd med gjennomføringa av festivalen for andre gong, og håper fleire har fått eit nærare forhold til havet.

Festivalsjef Marko Polter, som også er fridykkar og ein av oppstartarane av Njord Freedivers, er glad for at fleire får utforska havet og alt det kan by på. Det er også noko av målet med havfestivalen som arrangerast for andre gong på Runde: 

— Dette er ei samling for alle aktivitetar som er både over, under og i sjøen, og for alle som bryr seg og vil lære meir om havet. 

Det kan vere like glatt å bevege seg på land som i vatn, så her gjeld det å sjå kvar ein trår.

Han håper denne festivalen også kan senke terskelen til å starte med nye aktivitetar og benytte seg meir av havet som omgjev oss. 

For Linn There Sævik var det å kaste seg uti coasteering ei ny utfordring, og korleis det gjekk kan du høyre her: 

Powered by Labrador CMS