FULL KONTROLL: Nedrelid held eit auge med utøvarane frå kanten av bassenget.

Ung med mange jern i elden

Å balansere en fulltidsjobb, det å vere student og ha ein fritid er ingen enkel oppgåve. Eskil er ein av dei som balanserer det etter best evne.

Publisert

VOLDA: Eskil Nedrelid er 19 år og lev ein hektisk livsstil som skil seg litt frå kvardagen til dei fleste på hans alder.

Voldingen har alltid vert involvert i symjemiljøet, men da han var 18 år fekk han ei ny utfordring i fanget.

Eskil fekk tilbod om å bli dagleg leiar i Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb (YSS).

Då fekk han plutseleg ansvar for mykje. Symjarane, kommunikasjonen med foreldre, organiseringen i klubben og annen planlegging.

– Ja, det blir mykje e-postar, ler Eskil.

UNG LEIAR: Eskil har deltatt på ulike konferansar som ung leiar.

Fleire ballar i lufta

Kvardagen er travel, for Eskil har ikkje nok med å berre vere dagleg leiar.

Han er også fulltidsstudent og studerer organisasjon og idrettsleiing på nett.

– Dei fleste studerer det eg gjer for å få den jobben eg allereie har, smiler Eskil.

Han poengterer at det ble litt meir enn han hadde sett for seg, men at han takler det bra.

Korleis ser ein vanleg dag ut for Eskil?

– Eg tek studia mellom dei andre oppgåvene når eg har tid. Ingen dagar er like. Nokre dagar er det mykje administrasjon, medan det andre dagar nesten ikkje er noko, fortel han.

Dagen startar med å stå opp, gjere seg klar, og å få i seg ein solid frokost.

– Eg er veldig glad i kaffi, fortel Eskil og pek på espressomaskinen som står på kontorpulten hans.

GLAD: Smilande trenar.

Etter ein kopp kaffi eller tre, sjekkar han e-postane og ser om det er noko han må svare på før han hiv seg over litt skulearbeid.

Og før han veit ordet av det, må han køyre over ein halvtime til Ulsteinvik for å vere trenar for symjegruppa.

Men sjølv om dagane er travle, trivst Eskil godt med kvardagen:

– Det kjennest ikkje ut som ein jobb for eg trives slik med jobben.

FAVORITTElLEMENTET: Symjebassenget har spelt ei stor rolle i livet til Eskil.

Frå bassenget til kanten

Eskil var tidlegare toppidrettsutøvar og flytta til Hamar for å satse på symjinga.

Etter kvart fekk han ein kraftig overbelastningsskade i skuldra. Skaden har vart over lengre tid og gjort at han har måtta trappe ned satsinga.

– Eg jobbar framleis med å få fiksa skuldra, men det var slik eg enda på kanten som trenar i staden for i bassenget. Eg blei ikkje proff.

Skulderproblema har prega kvardagen hans i over halvanna år. No står han i operasjonskø.

Overgangen frå å satse på eiga symjekarriere til å bli trenar har ikkje alltid vore enkel.

– Det har vore veldig tøft. Det var litt identitetskrise i starten.

No har han likevel funne seg meir til rette i den nye rolla.

– For min del merkar eg at det går fint å ikkje bli proff. Eg synest det er flott å stå på kanten. Eg kan gi litt tilbake til sporten i staden for å vere så fokusert på meg sjølv heile tida. Eg får høve til å hjelpe andre som ønskjer å bli betre i symjing.

NY UTFORDRING: Eskil er klar for å hjelpe andre gjennom symjinga.

Ung, men mykje erfaring

Adrian Jung Leine og Oda Ulstein-Vestbøstad er to av utøvarane til den unge leiaren.

For dei var det litt uvant å få ein trenar som dei tidlegare hadde trent saman med.

– Det var litt uvant i starten, fordi han er så ung. Me har tidlegare symt saman, og no skulle han trene oss. Det var litt rart, fortel Adrian.

Likevel tok det ikkje lang tid før dei fann seg til rette med den nye rolla hans.

– Men det har gått veldig fint, legg han raskt til.

Oda meiner Eskil har mykje å bidra med som trenar:

– Han har mykje erfaring og er god til å presse oss. Han veit kva som skal til for å utvikle seg, fortel Oda.

UTØVARAR: Oda Ulstein-Vestbøstad og Adrian Jung Leine er nøgde med den unge trenaren.

Prøver å finne en balanse

Som fulltidsstudent og dagleg leiar er det ikkje alltid lett å få den hektiske livsstilen til å gå rundt. Likevel er det viktig for Eskil å ikkje gløyme at han berre er 19 år.

Han prøver derfor å finne ein balanse mellom jobb, studium og fritid.

– Det er viktig å vere ung også. Eg prøver å få tid til det. Når eg kan, prøver eg å finne på noko med venner eller gjere ting som andre 19-åringar også gjer.

GODT HUMØR: Nedrelid bidreg med godt humør både på og utanfor bassengkanten.

Målet er å leve livet

Me spør den travle 19-åringen kva som er målet hans framover.

– Målet er å leve livet, seier Eskil med eit smil om munnen.

Kva framtida bringar for Eskil, vil tida vise.

Tv-sak under.

Powered by Labrador CMS