TRYGG FOR NO: Oppigarden barnehage i Volda vart vurdert lagt ned i fjor, før kommunestyret avslo forslaget.

Usikker framtid for barnehagane

Framtida for barnehagestrukturen i Volda er framleis open. Varaordførar Sverre Leivdal peikar på mogleg behov for kutt, medan oppvekstsjef Per Ivar Kongsvik meiner dagens tal ikkje gir rom for endringar i år.

Publisert Sist oppdatert

VOLDA: Etter mykje diskusjon vart forslaget om å leggja ned Oppigarden barnehage avslått av kommunestyret. I staden vedtok dei at administrasjonen skal gjera ei vurdering av barnehagekapasiteten i Volda sentrum.

Kommunestyret vedtok dette då dei i desember møttest for å vedta årsbudsjettet for 2026 og økonomiplanen for 2026–2029.

STRAM ØKONOMI: Ifylgje varaordførar i Volda kommune, Sverre Leivdal, treng kommunen å gjere kutt i budsjettet.

Kutt i barnehagetilbodet har, ifylgje varaordførar Sverre Leivdal, vore diskutert som eit tiltak for å redusera utgiftene i oppvekstsektoren i kommunen.

– Me har stor lånegjeld i Volda og har hatt utfordringar med økonomien, seier Leivdal.

Ulike vurderingar av fødetal

Det nye forslaget i økonomiplanen legg opp til at fødetal i kommunen skal vera ein del av vurderinga. Leivdal fortel at han trur den endelege avgjerda kan bli kutt.

– Eg trur ikkje me forventar å finna tal som gjer at barnehagebehovet aukar særleg, seier Leivdal.

Han utdjupar at politikarane treng endeleg informasjon frå administrasjonen før dei kan slå fast om det er grunnlag for å gjera endringar i barnehagestrukturen.

Sjølv om både administrasjonen og politikarane ventar på meir informasjon før ei avgjerd kan takast, gir uttalane deira ulike signal om kor realistisk ei nedlegging kan vera.

Kommunalsjef for oppvekst i Volda kommune, Per Ivar Kongsvik, seier på si side at det ikkje er rom for omstrukturering av barnehagar i år.

– Fødetala frå 2025 viser at me vil trenga kapasiteten til barnehagane i sentrum, skriv Kongsvik i ein e-post til Nærnett.

Kongsvik skriv vidare at det er for tidleg å seia korleis kommande fødetal vil påverka barnehageutviklinga.

VURDERER FØDETAL: Kommunalsjef for oppvekst i Volda kommune, Per Ivar Kongsvik, seier Volda har bruk for barnehagekapasiteten i 2026.

Han legg til at administrasjonen no arbeider med bestillinga frå kommunestyret.

– Vedtaket kom rett før jul. Det er avgrensa kor mykje administrasjonen har fått sett på ordlyden i vedtaket så langt, sier Kongsvik.

Varaordførar Leivdal slår fast overfor Nærnett at han meiner samarbeidet mellom administrasjon og politikarar er godt.

Innsparing i budsjettet

I den opphavlege økonomiplanen var det lagt inn ei innsparing på 1,85 millionar kroner innan 2028 knytt til nedlegging av Oppigarden barnehage. Då planen vart vedteken, vart punktet om nedlegging fjerna.

Samstundes vart eit nytt tiltak teke inn i planen: «Gjennomgang av barnehagestruktur i Volda sentrum – tilpasse tilbod og behov».

Leivdal stadfestar overfor Nærnett at dette punktet handlar om den same tematikken som tidlegare vart omtala i forslaget om nedlegging.

I økonomiplanen er det framleis budsjettert med ei innsparing på 1,85 millionar kroner innan 2028 knytt til det nye tiltaket.

Powered by Labrador CMS